Hopp til innhold

Nattevakt på Helsetunet

Arbeidsgiver

Øystre Slidre kommune

Sted

Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes

Om jobben

Stillingstittel
Nattevakt på Helsetunet
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidstid
Natt
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 11. oktober

Det er ledig 51,29% stilling som nattevakt ved Helsetunet i Øystre Slidre kommune frå 01.12.2026. Søkjarar kan òg bli vurderte for andre stillingar som vert ledige.

Vil du vere ein del av laget vårt?
Vi held til i nye og moderne lokale, der institusjon, omsorgsbustader og heimeteneste held til i same bygg. Lokala ligg sentralt til på Heggenes, med flott utsikt over Heggefjorden og mot Jotunheimen. Vi ønskjer å vere ein naturleg del av nærmiljøet, og det er mange aktivitetar på Helsetunet. Velferdsteknologi er eit satsingsområde.  Vi jobbar kvar dag for å gje gode tenester til alle brukarane våre.

Arbeidsoppgåver

  • Gje tenester til brukarar etter enkeltvedtak og etter gjeldande styringsdokument
  • Varierte arbeidsoppgåver som består av å gje helsehjelp og kvardagsmestring
  • Dokumentasjon i henhald til gjeldande lover, forskrifter og retningslinjer
  • Samarbeid og tverrfagleg med andre yrkesgrupper innan helse og omsorg

Kvalifikasjonar

  • Det er krav om fagbrev og autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Gode norskkunnskapar
  • Sertifikat i klasse B
  • Det er krav om politiattest etter helse- og omsorgstenesteloven §5-4

Personlege eigenskapar

  • Positiv, sjølvstendig og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Fleksibel, tydeleg og løysningsorientert
  • Engasjert og tek initiativ til forbedringsprosessar 
  • Gode haldninger til brukarar og ser verdien av nytekning innan kvardagsmestring og velferdsteknologi

    Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Turnus med kvar 3. helg
  • Nødvendig opplæring og rettleiing
  • Kompetanseheving
  • Opplæring i fagsystem
  • Engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP

Kontaktinformasjon

Ingrid Nordli, Tenesteleiar institusjonstenester, +47 95940309

Arbeidsstad

Bygdinvegen 1989
2940 HEGGENES

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune

Referansenr.: 5178489224
Stillingsprosent: 51,29%
Fast
Søknadsfrist: 11.10.2026

Kontaktperson for stillingen

Ingrid Nordli

Tenesteleiar institusjonstenester

+47 95940309

Om bedriften

Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter. 

Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge.  Velkommen til rein naturglede!

Reiseliv og jordbruk er blant dei største  næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.

Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt  tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu. 

Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.

Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

48274906-93a8-49a9-99af-0faa980c8b62

Sist endret

21. september 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

16d886254b8149a881e0d27cd8641a70

Lignende annonser

Laster lignende annonser