Helsefagarbeidar 4 x 100 % fast stilling
Sykkylven bu- og aktivitetssenter, Sykkylven kommune
Haugneset 16, 6230 Sykkylven, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar 100 % fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 30. juni
Er du ein engasjert helsefagarbeidar som ønskjer å vere med på å skape ein trygg og meiningsfull kvardag for våre brukarar? Då vil vi høyre frå deg!
Vi har no ledig 100 % fast stilling som helsefagarbeidar ved Sykkylven bu- og aktivitetssenter. Stillinga er per tida knytt til sone 2.
Sykkylven bu- og aktivitetssenter er eit moderne omsorgssenter som tilbyr eit breitt spekter av tenester til eldre og menneske med ulike hjelpebehov. Her jobbar vi tverrfagleg og målretta for å gi brukarane våre god omsorg, aktivitet og livskvalitet. Vi legg vekt på fagleg utvikling, samarbeid og eit godt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Yte heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar
- Bidra til å skape ein aktiv og meiningsfull kvardag
- Samarbeide med pårørande og tverrfaglege team
- Dokumentere i fagsystem
- Delta i fagutvikling og rettleiing av kollegaer og elevar/lærlingar
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar. Andre med anna helsefagleg utdanning kan også søkje
- Erfaring frå arbeid i eldreomsorga er ein fordel
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Grunnleggande datakunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du er ansvarsbevisst, påliteleg og har god evne til å samarbeide
- Du har eit stort engasjement for brukarane og faget
- Du bidreg til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Du er fleksibel og løysingsorientert
Vi tilbyr
- Ei meiningsfull stilling i eit godt arbeidsmiljø
- Gode kollegaer med høg fagleg kompetanse
- Løn etter gjeldande tariffavtale
- Pensjonsordning gjennom KLP
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Kontaktinformasjon
Astrid Hammernes Strømme, avdelingsleiar sone 2, +4795947361, astrid.stromme@sykkylven.kommune.noArbeidsstad
Haugneset 166230 SYKKYLVEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: 4985825700
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv.
Sjå meir frå Sykkylven her
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
47ef66d4-6652-4633-a53d-ce48822e957b
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2b38610e1bb54757a49e16da0c083ca6