Leiar Vinje frivilligsentral – 100% vikariat
Kultur og fritid, Vinje kommune
Vinjevegen 192, 3890 Vinje
Om jobben
Stillingstittel
Leiar Vinje frivilligsentral – 100% vikariat
Oppstart
1. mai 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Me har ledig vikariat som leiar for Vinje frivilligsentral.
Vinje frivilligsentral er ei kraft for det frivillige engasjementet i Vinje kommune. Som leiar av frivilligsentralen skal du passe på at det frivillige livet blømer, og at frivillige trivst ved å initiere, fasilitere og samankople menneske som har lyst til å gjere noko for andre utan betaling.
Gjennom rådgjeving, bistand, kursing og gode samarbeid syter du for at lag og organisasjonar utviklar, og får dei reiskapane dei treng, for å ha god drift og kontinuitet. Du nyttar erfaring, kunnskap og nettverk til å hjelpe, slik at gode tiltak og aktivitetar blir til på ein god måte. Som kommunalt tilsett er du eit bindeledd mellom frivillige og kommunen.
Arbeidsoppgåver
- Tilby rettleiing til lag og foreiningar
- Koordinere, profilere og vidareutvikle samarbeid mellom frivillige og kommunen
- Ha oversikt over faste møteplassar og koordinere desse
- Informere og marknadsføre frivillige arrangement og aktivitet gjennom ulike kommunikasjonskanalar
- Legge til rette for, og samarbeide med andre om arrangement og fritidstilbod
- Utvikle frivilligsentralen vidare, ut ifrå nasjonale retningsliner og lokale behov
- Delta i fylkesnettverket for Frivilligsentralar
- Koordinere frivillige som er kopla til NyBy eller tilsvarande system
- Planlegge og gjennomføre Vinje kommune sin del av TV-aksjonen
- Samarbeide med andre i kommunen, og særskild tilsette i verksemda Kultur og fritid
Kvalifikasjonar
- Minimum 3-årig høgskuleutdanning innan kultur, eller tilsvarande utdanning/erfaring
- Kunnskap om frivillige organisasjonar, og brei erfaring frå frivillig arbeid
- Kompetanse i utviklingsarbeid
- Gode datakunnskapar
- Kunnskap om prosjektstyring
- Kjennskap til offentleg forvaltning
- Førarkort klasse B. Disponere eigen bil
Personlege eigenskapar
- Du har evne til å vere sosial og utadvendt
- Du har gode samarbeidsevner og er dyktig på nettverksbygging
- Du har endringsvilje og endringskompetanse
- Du har evne til å organisere og koordinere
- Du har ein arbeidsmåte som er retta mot løysingar og resultat
- Du har evne til god dialog og samhandling med innbyggjarar/brukarar
Me vil legge stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Gode høve til fagleg og personleg utvikling
- Løn etter lokal lønstabell, frå kr 515 100 utan ansiennitet til kr 628 500 med full ansiennitet
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Kristian W. Rantala, Verksemdsleiar kultur og fritid, 94983823, Kristian.rantala@vinje.kommune.noArbeidsstad
Vinjevegen 1923890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 4923202279
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.05.2025
Sluttdato: 31.03.2026
Søknadsfrist: 03.03.2025
Om bedriften
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2864846
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1715972623fd46129f1cee475c62f0e7