Bu og omsorgsstenesta har ledig stilling for assistent ved Gloppen kommunale kjøken.
Gloppen kommune
6823 Sandane
Om jobben
Stillingstittel
Assistent
Type ansettelse
Fast, deltid 40%
Arbeidstid
Dagtid
Antall stillinger
1
Gloppen kommune lyser ut fast 40% stilling for assistent ved Gloppen kommunale kjøken frå snarast.
Arbeidsoppgåver
- Vere med i den daglege produksjonen
- Baking av ulike bakeverk
- Forberede mat til kantine
- Reinhald i kjøkkenet
Kvalifikasjonar
- Erfaring med baking, frå bakeri, kafe eller liknande
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Ha god og generell datakunnskap slik at du kan tileigne deg dei fagsystema som blir brukt i kommunen
Personlege eigenskapar
- Positiv, lojal og fleksibel
- Er ansvarsbevisst og løysingsorientert
- Evne til å arbeide sjølvstendig, vere strukturert og målretta i ein hektisk kvardag
Vi tilbyr
- Eit fagleg engasjerande og positivt arbeidsmiljø
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
- For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.
Kontaktinformasjon
Iren Knutsen Utheim, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 917 03 443Jean Daniel Tenud, Kjøkensjef, 99 24 28 07
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 4742746509
Stillingsprosent: 40%
Fast
Søknadsfrist: 02.01.2024
Om bedriften
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2511075
- Hentet fra
talentech
- Referanse
092af15dc3b34f21b3964a400189fde3