Hopp til innhold

Applikasjonsspesialist T-DOC

Arbeidsgiver

Fagjournal, Helse Vest IKT

Sted

Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Applikasjonsspesialist T-DOC
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 21. september

Teknologi med meining – bli vår nye applikasjonsspesialist
Helse Vest IKT er ei av dei største IKT-verksemdene på Vestlandet og leverer digitale løysingar til sjukehusa i Helse Vest. Medarbeidarane våre arbeider kvar dag for å støtte pasientbehandling, forsking og administrative prosessar gjennom sikre, innovative og brukartilpassa IKT-tenester.

Vi søkjer no etter to applikasjonsspesialistar til fagområdet Fagjournal. Som applikasjonsspesialist får du vere med på å forvalte og vidareutvikle løysingar som er sentrale for pasientbehandlinga i sjukehusa i Helse Vest. Stillingane er plasserte i avdelinga Kliniske fag og støttetenester i divisjonen System- og informasjonsforvaltning.

Fagområdet Fagjournal består av om lag 29 medarbeidarar, fordelt på arbeidsstadene Bergen, Haugesund, Stavanger og Førde. Vi er stolte av å ha eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø prega av høg fagleg kompetanse, engasjement og samarbeid på tvers av lokasjonar og fagområde. Hos oss møter du hyggjelege og dyktige kollegaer som gjerne deler kunnskap og erfaringar. Vi legg vekt på at det skal vere låg terskel for å spørje om hjelp, slik at vi saman finn gode løysingar og utviklar oss fagleg. Her blir du ein del av eit kompetent fagmiljø som arbeider med samfunnskritiske løysingar og som er opptatt av kontinuerleg læring, samarbeid og utvikling. Dette er ei spennande moglegheit for deg som ønskjer å bidra til framtidas digitale helsetenester i Helse Vest.

Arbeidstad for stillingane; Bergen. 


Arbeidsoppgåver

  • Tilpasse løysinga til sjukehusa i Helse Vest
  • Samarbeide med systemansvarlege i føretaka, bidra til optimal bruk og kontinuerleg forbetring av løysinga
  • Bidra til innføring av løysinga i nye einingar i helseføretaka
  • Handtere endringsønske og feil som oppstår, samt løyse saker med komplekse problemstillingar for brukarane
  • Bidra til å effektivisere måten vi arbeider med løysinga på, til dømes gjennom automatisering av manuelle rutinar og testing
  • Bidra til høg kvalitet gjennom testing av nye programoppdateringar før produksjonssetjing og nyutvikling
  • Sjå løysingar på komplekse problemstillingar i systema
  • Halde ved like artikkelkatalogen i Libra slik at han er tilpassa T-DOC
  • Vidareutvikle skannemalar, etikettar, lister og design for alt som blir skrive ut på sterilsentral og operasjon
  • Gi opplæring til brukarar i føretaka og bistå med tilpassingar i oppsett ved behov
  • Forvalte løysinga, tilhøyrande data og integrasjonar
  • Ha kontakt med leverandørar

Kvalifikasjonar

  • Høgare relevant utdanning er ein fordel. Arbeidserfaring og personleg eignaheit kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • God forståing og erfaring innan steril- og operasjonsprosessar, med brei erfaring innan T-DOC-konfigurering, implementering og forvaltning.
  • Erfaring frå implementerings- og konfigurasjonsleiing.
  • Fagressurs med unik kompetanse innan sterilsentral og operasjon i sjukehusa våre.
  • God kjennskap til og erfaring med bruk av DevOps.
  • Funksjonell og teknisk testarerfaring.
  • Kjennskap til og forståing av Orbit og SAP.
  • Generell teknisk IKT-kunnskap og forståing.
  • God kjennskap til arbeidsprosessar i sjukehuset, sterilforsyning, operasjon og helsesektoren.
  • Må kunne kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk.

Personlege eigenskapar

  • Du har gode relasjonelle ferdigheiter. Du forstår andre sine behov og perspektiv, og gir tydelege tilbakemeldingar når situasjonen krev det.
  • Du trivst med teamarbeid, men tek òg ansvar og gjer sjølvstendige vurderingar når det er nødvendig.
  • Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og ser verdien av å dele kunnskap og erfaring med kollegaer, kundar og samarbeidspartnarar.
  • Du er nysgjerrig og stiller spørsmål for å oppnå betre forståing.
  • Du arbeider strukturert og systematisk, med auge for detaljar. Du veit at detaljane er viktige for kvaliteten, samtidig som du har blikk for heilskapen.
  • Du set deg raskt inn i nye problemstillingar og bidreg til å finne gode løysingar saman med teamet.

Vi tilbyr

Høyrest det meiningsfylt ut å jobbe med teknologi som støttar viktige helsetenester og gjer kvardagen enklare for helsepersonell? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Hos oss får du:

  • Moglegheit til å arbeide i eit stort, kompetent og tverrfagleg fagmiljø innan ein samfunnskritisk sektor
  • Vere med på å utvikle og forvalte løysingar som støttar pasientbehandling og kliniske arbeidsprosessar
  • Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette
  • Fleksible arbeidsordningar med fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj
  • Løn etter avtale
  • Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Lars Jacob Hove, Avdelingsleiar, 91702650
Cindy Torgersen Jensen, Seksjonsleiar, 97628270

Arbeidsstad

Bjørnsons gate 29
5052 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Vest IKT

Referansenr.: 5168577596
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.09.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Cindy Torgersen Jensen

Seksjonsleiar

97628270

Lars Jacob Hove

Avdelingsleiar

91702650

Om bedriften

Helse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Våre kundar er både dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, samt fleire private helsetenesteleverandørar i regionen. Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Førde og Haugesund.

Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4784cdc0-928c-42ce-adfb-82d1add411fd

Sist endret

8. september 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

eca663a5ec204abe97c327420bc02c66

Lignende annonser

Laster lignende annonser