Lærar - vikariat
Torvmyrane skule
Torvmyra 2, 6908 Florø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar, vikariat med moglegheit for forlenging eller fast stilling
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 6. april
Vil du prøve deg som Torvmyring? Ledig vikariat lærar 100 % skuleåret 2025-2026, med moglegheit for forlenging eller fast stilling.
Torvmyrane skule er ein mangfaldig organisasjon som inneheld 5 avdelings barnehage for barn i alderen 1-5 år, 1-7 skule, innføringsklasse for fleirspråklege barn og SFO. Vi strekker oss langt for å oppretthalde ein samla organisasjon, og set trivsel, samspel og meistringsopplevingar i høgsetet. Vi leikar og lærer inne som ute- og på tvers av alder, fag og skostorleikar. Omlag 250 barn og 60 vaksne deler kvardag og fest tett på Brandsøyåsen og 3 km frå sentrum.Arbeidsoppgåver
Undervisning 1-7.trinn, ordinær klasse eller Innføringsklasse. Kontaktlærarfunksjon kan leggast til stillinga.
Kvalifikasjonar
Grunnskulelærar 1-7 med undervisningskompetanse i norsk,engelsk, matematikk. Fagynskje elles: kroppsøving, musikk.Personlege eigenskapar
Vi ønsker deg som trivast blant både små og store, og som har humør og engasjement i arbeidet med å skape gode utviklingsvilkår barn. Du set barnet i fokus. Du er allsidig, fleksibel og toler at planar endrast på kort tid. Du kvir deg ikkje for å ta på deg ansvarsoppgåver for fellesskapen. Du er nysgjerrig, utprøvande og oppteken av di eiga læring og utvikling. Du trivast og held hovudet kaldt når det kokar. Du er ein varm og tydeleg klasseleiar og kommuniserer godt med barn, foreldre og kollega.
Vi tilbyr
Mange spennande og givande oppgåver med meining.
Eit fagfellesskap med fokus på utvikling og trivsel i alle ledd.
Eit suverent kollegie som kvar dag bidreg til eit arbeidsmiljø i særklasse.
Løn etter tariff
Kompetanselønn
Pensjon og forsikringar i SPK
Kontaktinformasjon
Sissel Karin Bergkvam Østrem, Rektor Torvmyrane skule, +47 48037689, sissel.ostrem@kinn.kommune.noArbeidsstad
Torvmyra 26908 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 4927102240
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 06.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.386 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2896879
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2229e78f716a4a0ca9ecdeb7ba7f07e2