Lærar på vaksenopplæringa - vikariat frå 27.10. 25 - 31.07.26
Integreringstenesta, Nissedal kommune
Treungvegen 378, 3855 Treungen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar på vaksenopplæringa - vikariat frå 27.10. 25 - 31.07.26
Oppstart
1. oktober 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 83.5%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 7. juli
Vi har eit svangerskapsvikariat som lærar i 83,5% stilling ved vaksenopplæringa i Nissedal kommune frå 27.10.25 til 31.07.26.
Vaksenopplæringa er samlokalisert med integreringskoordinatorane, og saman utgjer desse avdeling for integrering.
Vaksenopplæringa i Nissedal har norskkurs for nybegynnarar og vidarekommande opp til B1-nivå.
Kursa er på ulike nivå og med ulik framdrift.
Undervisninga skjer hovudsakeleg på dagtid måndag, tysdag og onsdag. Vi fylgjer grunnskulen si skulerute.
Hovuddelen av tenesta er retta inn mot nyankomne flyktningar til kommunen, men har og opplæring retta mot førebuande og vidaregåande opplæring for vaksne, samt opplæring for å utvikle eller halde ved like grunnleggjande ferdigheiter i den førebuande opplæringa for vaksne.
Avdelinga er ei lita avdeling med fem tilsette. Det er godt arbeidsmiljø og spennande samarbeid mellom vaksenopplæring og integreringskoordinatorane.
Avdeling for integrering har lokaler i bygget til Prix i Treungen sentrum.
Vi kan vere hjelpsame med annan stilling innen eining for oppvekst og kultur frå 01.08.25 for at stillinga skal følgje skuleåret.
Du må då vere villig til å vere vikar innan barnehage og skule i den perioden, før oppstart på vaksenopplæringa 27.10.
Arbeidsoppgåver
- Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for nyankomne flyktningar
- Førebuande- og vidaregåande opplæring for vaksne, i samarbeid med habiliteringstenesta
- Kartlegging, differansiering og oppfølging av elevane
- Samarbeide med integreringskoordinatorane, Nav, PPT, m.fl.
- Individuell opplæringsplan og årsrapport ved spesialundervisning, samt tett kontakt med habiliteringstenesta (Kåsa)
- Stillingsomtale er utarbeida
Kvalifikasjonar
- Naudsynt pedagogisk utdanning til å undervise i norsk, jf. krav i forskrift til opplæringslova § 12-1
- Erfaring frå undervisning, spesielt med vaksne elevar, er ein stor fordel
- Evne til å bruke digitale verktøy i undervisninga er stadig viktigare, spesielt i vaksenopplæring
- Du må ha god språkkompetanse og kjennskap til norsk språk og kultur.
Personlege eigenskapar
- Kommunikasjonsevne: Evne til å kommunisere klart og effektivt med vaksne elevar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- Empati og forståing: Evne til å forstå og støtte elevar med ulike bakgrunnar og læringsbehov
- Tålmodigheit: Evne til å vere tålmodig og støttande, spesielt når elevar møter utfordringar
- Tilpassingsdyktigheit: Evne til å tilpasse undervisningsmetodar og materiale til ulike læringsstilar og behov
- Engasjement og entusiasme: Evne til å inspirere og motivere elevar gjennom engasjement og entusiasme for faget
- Samarbeidsevne: Evne til å jobbe godt i team og samarbeide med heile avdelinga for integrering
- Refleksjonsevne: Evne til å reflektere over eigen praksis og kontinuerleg søke å forbetre undervisninga
Vi tilbyr
- Eit spennande stilling i møte med nye menneskje med spennande historier
- Samfunnsengasjement! I denne jobben bidreg du til samfunnsutvikling. Du får ein unik sjanse til å gjere ein forskjell i vaksne elevar sitt liv.
- Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø
- Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement
Kontaktinformasjon
Reidun Carol Retterholt, Kommunalsjef for oppvekst og kultur, +47 95921972Arbeidsstad
Treungvegen 3783855 Treungen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Nissedal kommuneReferansenr.: 4978886965
Stillingsprosent: 83,5%
Vikar
Startdato: 01.10.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 07.07.2025
Kontaktperson for stillingen
Reidun Carol Retterholt
Kommunalsjef for oppvekst og kultur
+47 95921972
Om bedriften
Nissedal – der gode liv levast
Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1 450 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø.
Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt.
Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.
Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
47555315-d76c-47be-abc6-02854c6b472c
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a7a2526fdef243d688519a9b346d64e4