Avdelingsdirektør
Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Akersgata 64, 0180 Oslo
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsdirektør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Om stillinga
Vi søker etter ein ny avdelingsdirektør til Arbeidsmiljø- og sikkerheitsavdelinga.
Som avdelingsdirektør vil du få ansvar for regelverksutvikling og større lov- og utgreiingsarbeid, mellom anna innanfor den kollektive arbeidsretten, deler av den individuelle arbeidsretten, ferielovgivinga og tilsetterepresentasjon etter selskapslovgivinga. EU-arbeid og anna internasjonalt arbeid innanfor desse områda inngår òg i porteføljen. Du vil få ein sentral rådgivingsfunksjon knytt til forvaltingsrettslege spørsmål.
Du vil inngå i avdelinga si leiargruppe og rapportere til ekspedisjonssjefen.
Kva slags bakgrunn har du?
Du har
- juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap med gode resultat
- brei efaring frå arbeidslivsområdet
- solid erfaring frå lov- og utgreiingsarbeid og det kollektive arbeidsrettsområdet
- solid forvaltingskompetanse og forståing for politiske prosessar
- leiarrerfaring
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne, både på norsk og engelsk
Kven ser vi etter?
Kven ser vi etter?- Du har gode leiareigenskapar. Du er oppteken av å skape gode resultat gjennom andre, og du evner å motivere medarbeidarane dine.
- Du samarbeider godt og skaper gode samarbeidsforhold.
- Du er analytisk og har eit godt juridisk skjønn.
- Du har god rolleforståing og vurderingsevne.
- Du prioriterer godt og sikrar gode leveransar.
- Du er engasjert og bidrar aktivt i avdelinga si leiargruppe.
Våre leiarar utøver god fagleg leiing, er tydelege, skaper engasjement og utviklar og forbetrar.
Kva får du hos oss?
Kva får du hos oss?- Du blir leiar i eit sterkt fagmiljø med engasjerte og hyggelege kollegaer.
- Du får nærleik til politiske avgjerder.
- Du blir tilsett som avdelingsdirektør og lønn vil ligge mellom 1 000 000 og 1 150 000 kroner, avhengig av kvalifikasjonane dine.
- Som tilsett i staten får du mellom anna fleksitid, sommartid og pensjons- og forsikringsordning gjennom Statens pensjonskasse som òg har eit av dei rimelegaste bustadlåna i marknaden.
Les dette før du søker
- Stillinga er eit embete, så du må vere norsk statsborgar for å bli tilsett. Du må òg kunne sikkerheitsklarerast på nivå HEMMELEG.
- Mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv.
- Du kan be om å bli unnateken frå den offentlege søkarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følge.
- Arbeidsspråket er i hovudsak norsk.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvaret for arbeidsmarknadspolitikken, inntektspolitiske spørsmål, arbeidsrett, arbeidsmiljø og sikkerheit, inkluderingspolitikken, pensjonspolitikken og velferdspolitikken.
Departementet forvaltar rundt ein tredel av statsbudsjettet.
Vi er om lag 240 tilsette fordelt på sju avdelingar og ei kommunikasjonseining.
Arbeidsmiljø- og sikkerheitsavdelinga har ansvar for arbeidsrett og arbeidsmiljø i norsk arbeidsliv. Arbeidsrett og HMS er ein del av EØS-avtala, og EU/EØS-arbeid er difor ein sentral del av oppgåvene til avdelinga. I tillegg har avdelinga ansvaret for Noreg sitt forhold til Den internasjonale arbeidsorganisasjon (ILO), og oppfølgingsansvar for Den europeiske sosialpakt.
Avdelinga har ansvar for politikk- og regelverksutvikling, forvalting og forsking på arbeidsretts- og arbeidsmiljøområdet. Dette omfattar mellom anna arbeidstid, stillingsvern, kollektiv arbeidsrett, HMS, inkluderande arbeidsliv, samarbeid mellom partane og kamp mot arbeidslivskriminalitet.
Avdelinga har etatsstyringsansvaret for Arbeidstilsynet, Statens arbeidsmiljøinstitutt og administrativt ansvar for Riksmeklaren og Arbeidsretten.
Sektor
Offentlig