Lønnskonsulent
Helse Vest RHF
Knud Holms gate 8, 4005 Stavanger, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Lønnskonsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 30. april
Hos Helse Vest RHF får du moglegheit til å vere ein del av noko meiningsfullt og spennande. Vi søkjer etter deg som ønskjer å utvikle deg fagleg og personleg, samtidig som du bidrar til å styrkje sjukehusa på Vestlandet.
Du skal jobbe med oss på Lønns- og rekneskapsenteret (LRS), ein allsidig gjeng som består av folk i ulike aldrar, og med ulike bakgrunnar.
Personen vi ser etter ønskjer å jobbe med heile lønnsprosessen og vil bli involvert i alt frå kontroll av reiserekningar til å køyre lønn. I tillegg vil du kunne få bidra i overgang til system i sky, og vere med å forme og påverke rutinar og prosessar. Du må vere nøyaktig, strukturert, serviceinnstilt og sjølvstendig.
Arbeidsoppgåver
- Lønnsarbeid
- Refusjons- og fråværhandtering
- Reiseoppgjer
- Avstemming
- Utarbeide ulike statistikkar
- Bistå i overgang til UBW i sky og utarbeiding av nye rutinar, prosess og effektivisering
Kvalifikasjonar
- Fordel med, men ikkje krav om høgare økonomisk utdanning
- Erfaring med lønnsarbeid
- Erfaring frå UBW vil vere ein fordel
- Gode datakunnskaper, spesielt innanfor Excel
Personlege eigenskapar
- nøyaktig og strukturert
- sjølvstendig og ansvarsmedviten
- bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Spennande arbeidsoppgåver: Du vil få utfordrande oppgåver som held deg engasjert og gir deg ein følelse av meining.
- Fagleg utvikling: Her får du jobbe saman med kunnskapsrike kollegaer som deler erfaringar.
- Positivt arbeidsmiljø: Vi ønskjer å ha eit inkluderande arbeidsmiljø, der du kan vere deg sjølv.
- Fleksibel arbeidstid: Med moglegheit for å leggje til rette for heimekontor.
- Lønn etter avtale: Vi tilbyr lønn som matchar erfaringa di.
- Pensjonsforsikring i KLP: Økonomisk tryggleik og moglegheit for lån.
- Gode velferdsordningar: Bedriftsidrettslag, «HjemJobbHjem» -ordning, moglegheit for dusj og låst sykkelgarasje.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kristian Bernhoff Frafjord, leiar lønns- og rekneskapssenteret, 92486548Arbeidsstad
Knud Holms gate 84005 Stavanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Vest RHFReferansenr.: 4955902880
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Kristian Bernhoff Frafjord
leiar lønns- og rekneskapssenteret
92486548
Om bedriften
Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest leggjer til rette for inkluderande rekruttering.
Det regionale helseføretaket Helse Vest varetek eigarskapet til sjukehusa i Rogaland og Vestland. Oppdraget vårt er å sørgje for at dei kring 1,1 million innbyggarane i regionen får spesialisthelsetenestene dei har krav på. Saman med sjukehusa på Vestlandet er Helse Vest RHF ei av dei største verksemdene på Vestlandet. Hovudoppgåvene til spesialisthelsetenesta er pasientbehandling, opplæring av pasientar og pårørande, utdanning av helsepersonell og forsking. Det er om lag 80 medarbeidarar i Helse Vest RHF, og driftsbudsjettet er på om lag 40 milliardar kroner. Vi held til i sentrale lokale i Stavanger sentrum.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2918779
- Hentet fra
talentech
- Referanse
bbbbef714a874e4d88d979be679dbf96