Tannpleiar
Hyllestad tannklinikk, Vestland fylkeskommune
Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad
Om jobben
Stillingstittel
Tannpleiar
Antall stillinger
1
Vestland tannhelseteneste - Hyllestad tannklinikk har ledig 100% stilling som tannpleiar med startdato snarast eller etter nærare avtale.
Hyllestad tannklinikk er ein del av Askvoll klinikkområde. Klinikkområdet består av Askvoll og Hyllestad tannklinikk og Hardbakke ambuleringsklinikk. Hyllestad tannklinikk har 1 tannlege, 1 tannpleiar og 1 tannhelsesekretær. Hardbakke ambuleringsklinikk er utan fast bemanning, men personell frå Hyllestad eller Askvoll ambulerer hit med gode økonomiske vilkår. Det er eit godt arbeidsmiljø og gode mogelegheiter for fagleg utvikling. Ein har tilgang til mange vaksne pasientar i tillegg til dei prioriterte gruppene, og ein kan slik sett opparbeide seg brei erfaring.
Hyllestad kommune ligg på nordsida av Sognefjorden ytterst mot havet på fastlandet, med nydeleg utsiktover fjord og hav, og innover dei mektige fjella. Det er ein liten kommune, som tilbyr bl.a. rimelege barnehageprisar og bustadtilskot til førstegongsetablerarar.
Hyllestad kommune
Bustadtilskot
Arbeidsoppgåver
- Jobbe i førstelinjetenesta og ha ansvar for utadretta verksemd i samråd med klinikkleiar og kollegaer
- Klinisk arbeid som omfatter alle pasientgrupper, inklusiv vaksne betalande pasientar
- Halde seg oppdatert og følge gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt jobbe for å nå målsetningane i Vestland tannhelseteneste
- Delta i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling samt andre felles oppgåver for drift av klinikken
Kvalifikasjonar
Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannpleiar, og beherske norsk skriftleg og munnleg. Relevant informasjon for søknaden må vært oversett til norsk. Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest før tilsetjing.Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar.
Vi søkjer deg som:
- Likar å jobbe med menneske og som set pasienten i fokus
- Arbeidar sjølvstendig og meistrar travle dagar
- Er positiv og serviceinnstilt
- Har gode kommunikasjonsevner og samarbeidsevner
- Har faglig integritet og fokus på fagleg utvikling
- Bidreg til godt arbeidsmiljø på klinikken
- Har evne til å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande, medarbeidarar og andre samarbeidspartnarar
- Ønskjer å vere med på å utvikle Vestland tannhelseteneste
Det vert vektlagt at søkjar er personleg eigna til stillinga.
Vi tilbyr
- Gode mogelegheiter for personleg og fagleg utvikling
- Godt samarbeid, tett kontakt, dialog og oppfølging av klinikkleiar og kollegaer
- Løn i samsvar med gjeldande tariffavtale
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår gjennom fylkeskommunen
- Ei spanande og variert stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følge offentleglova §25, 2.ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på slik liste. Om du har bedt om unntak frå offentleg liste, vil du bli varsla før søkjarliste vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Elisabet Skrede, områdeleiar, +47 57638010Arbeidsstad
Lifjordvegen 76957 Hyllestad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4691643868
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.02.2024
Om bedriften
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2402801
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ff7ab3ff926745e085637a0de2c15669