Vil du jobbe med teknologi som betyr noko – kvar einaste dag?
Tele og Signal, Helse Vest IKT
Ibsens gate 104, 5052 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Konsulent IKT
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 2. juli
Vi ser etter deg som vil bruke kompetansen din på avanserte system og utstyr som bokstavleg talt kan redde liv. Som teknikar eller konsulent innan IKT får du jobbe tett på sjukehusa i regionen, og bidra til at kritisk kommunikasjonsutstyr – som telefoni, audio-/videoløysingar og pasientvarslingssystem – fungerer når det verkeleg gjeld. Hos oss blir du del av eit av dei mest komplekse og samfunnskritiske IT-miljøa på Vestlandet, med over 30 000 brukarar, moderne infrastruktur og null rom for feil.
I vår seksjon er vi 27 fagleg dyktige og engasjerte medarbeidarar som trivst med det vi gjer. Viss du synest dette høyrast spennande ut, ta gjerne direkte kontakt med seksjonsleiar Atle Knudsen på tlf. 901 20 934.
Arbeidsstad er i Ibsens gate 104 i Bergen.
Arbeidsoppgåver
- Drift og vedlikehald av Tele og Signal sine tenester og produkt.
- I porteføljen inngår akuttvarsling, overfallsanlegg, pasientsignal, fast- og smarttelefoni, samt audio-/videoløysingar.
- Drift av løysingane i Helse Vest sin server- og nettverksinfrastruktur.
- Fremme innovasjon og utvikling av porteføljen i tråd med behova til sjukehusa.
- Følge opp reparasjonar og garanti mot leverandørar.
- Prosjektarbeid.
Kvalifikasjonar
- Fordel med kunnskap om smarttelefoni og mobiladministrasjonsverktøy.
- Fordel med erfaring og kompetanse frå drift og vedlikehald av IT-baserte løysingar.
- Fordel med kompetanse på Windows Server, nettverk og brannmursteknologi.
- Ønskeleg med fagbrev innan relevante fagområde.
- Du er kjent og komfortabel med data som arbeidsverktøy.
- Du beherskar norsk skriftleg og munnleg.
- Førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
- Du er positiv, initiativrik, resultat- og målorientert og trivast i direkte dialog med kunden.
- Du arbeider sjølvstendig, men samarbeider godt med andre når situasjonen krev det.
- Du er løysingsorientert.
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Vi ønsker ein som likar å sette seg inn i nye ting, og som tør å ta ansvar for saker innanfor og utanfor kompetanseområdet.
- Arbeidet er primært lokalisert i Bergen.
- Reiseaktivitet må påreknas.
Vi tilbyr
Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du:
- Moglegheita til å jobbe i eit stort og tverrfagleg miljø i ein banebrytande bransje.
- Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette.
- Fleksible arbeidsordningar med fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj.
- Løn etter avtale.
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Atle Knudsen, Seksjonsleiar, +47 90120934Arbeidsstad
Ibsens gate 1045052 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Vest IKTReferansenr.: 4986077039
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.07.2025
Kontaktperson for stillingen
Atle Knudsen
Seksjonsleiar
+47 90120934
Om bedriften
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
470afd2b-94dd-4026-af84-5e6f94db9a0c
- Hentet fra
talentech
- Referanse
71c9349b16424f1a956c9673b150b427