40% vikariat som lærar ved Hauso skule
Ullensvang kommune Hauso skule
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Om jobben
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 40%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 20. september
Arbeidsstad: Hauso skule
Stillinga vil vera undervisning i krle og samfunnsfag på ungdomssteget, samt kroppsøving, mat & helse.
Arbeidsoppgåver:
Stillinga vil vera undervisning i klassegruppe
Samarbeid med lærarar og fagarbeidarar på team
Kvalifikasjonskrav:
● Skriftleg og munnleg norskkunnskap
● Godkjend lærarutdanning
● Gode digitale ferdigheiter
● Søkjarar med anna relevant utdanning kan bli vurdert
Personlege eigenskapar:
● Lika å arbeida med barn og unge
● Gode samarbeidsevner og god relasjonskompetanse
● Er sjølvstendig
● Likar arbeid i høgt tempo og med raske endringar
Me tilbyr:
● Varierte arbeidsoppgåver
● Spennande arbeid
● Lønn etter hovudtariffavtalen
● Fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Krav:
● Politiattest jfr gjeldande lov
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
46e55b8f-40c1-4f27-a52a-46fe74482b0f
- Sist endret
10. september 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3660561_193955_nn