Hopp til innhold

100% stilling som lærar ved Tyssedal barneskole

Arbeidsgiver

Ullensvang kommune Tyssedal barneskule

Sted

Opheimsgata 31, 5750 Odda

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 8. november

Arbeidsstad: Tyssedal barneskole

Tyssedal barneskule er ein fådelt skule med 43 elever, der trivsel, gode relasjonar og aktiv læring står i sentrum. Uteskule er ein viktig del av kvardagen vår, og vi bruker flittig gapahuken i nærleiken, der vi og har vår eigen kjøkkenhage. Gjennom tverrfaglege prosjekt, felles turar og aktivitetar på tvers av trinn skapar vi eit godt miljø, der alle elevane blir sett. No når ein av våre gode kollegaer går av med pensjon, søkjer vi etter ein engasjert og fleksibel lærar som trivst med aldersblanda undervisning. 

 

Arbeidsoppgåver:
  • Planlegge og gjennomføre tilpassa undervisning for aldersblanda elevgrupper i 1.–7. klasse.

  • Bruke uteskule, nærmiljø og praktiske/aktive læringsformer som ein integrert del av undervisninga.

  • Planlegge og gjennomføre tverrfaglege prosjekt, felles turar og aktivitetar på tvers av fag og klassetrinn.

  • Skape eit trygt og inkluderande klassemiljø, følgje opp enkeltelevar og gjennomføre undervegsvurdering.

  • Ha jevnleg dialog med føresette og gjennomføre utviklingssamtalar.

  • Samarbeide tett med kollegaer, leiing og eksterne instansar (som PPT og helsesjukepleiar).

  • Delta i friminuttinspeksjon og andre fellesoppgåver ved skulen.


Kvalifikasjonskrav:
  • Godkjend grunnskulelærarutdanning (1.–7. eller 5.–10. trinn). Anna relevant pedagogisk utdanning eller høgare utdanning kan også vurderast.

  • Søkjarar som er i innspurten av sin pedagogiske utdanning opnast det og for.

  • Erfaring frå aldersblanda undervisning er ein fordel, men ikkje eit krav, du vil få god opplæring og støtte hjå oss.

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne. 

  • Gode digitale ferdigheiter

  • Gode relasjons ferdigheiter

 Personlege eigenskapar:
  • Du har eit varmt elevsyn og evnar å byggje trygge relasjonar med barn.

  • Du er ein tydeleg og trygg klasseleiar.

  • Du er fleksibel, løysingsorientert og trivst med varierte kvardagar.

  • Du har gode samarbeidsevner og bidreg positivt inn i eit lite og nært arbeidsmiljø.

 

Me tilbyr:
  • Kjekke elevar og kollegaer.

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit trygt og inkluderande miljø.

  • Spennande arbeid med høve til å utgjere ein stor skilnad.

  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen.

  • Løn etter hovudtariffavtalen.

  • Gode permisjons- og pensjonsvilkår.

 

Krav:
  • Politiattest jfr gjeldande lov

  •  

    Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

    Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

    Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.


    Til orientering om Offentleglova:

    Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
    For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
    I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
    "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


    Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

    Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Ruth Therese Hylland Gravdal

    +47 93626184

    ruth.gravdal@ullensvang.kommune.no

    Om bedriften

    - ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    6f7e6f66-3e50-441a-90f5-542dd21c7c17

    Sist endret

    19. oktober 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3671599_193935_nn

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser