Reinhaldsmedarbeidar
Reinhaldstenester, Valle kommune
Kjellebergsvegen 1, 4747 Valle, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Reinhaldsmedarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i dag
Valle kommune treng ein medarbeidar i 100 % fast stilling i reinhaldstenesta frå d.d.
Reinhald er knytt til Teknisk avdeling- reinhald i Valle kommune.
Arbeidsoppgaver
Reinhald på kommunale bygg. Arbeidet omfattar fleire ulike bygg i løpet av arbeidsdagen.Kvalifikasjoner
- Det er ønskeleg med fagbrev i reinhaldsfaget eller tilsvarande. Det er også mogleg å avtale med
arbeidsgjevar om å ta fagbrev innan ein bestemt tidsfrist. - Ønskeleg med førarkort. Dersom du ikkje har førarkort må du forplikte deg på å ta det snarast mogleg.
Personlige egenskaper
- Du er positiv, serviceinnstilt og har godt humør
- Du kan arbeide sjølvstendig og målretta
- Du samarbeidar godt med andre og trivast med å jobbe saman med folk frå ulike nasjonalitetar
- Du er pliktoppfyllande og til å stole på
- Du er fleksibel og har evne til å omstille deg raskt når det oppstår endringar i arbeidsdagen
- Du går i gang med nye oppdrag med ei positiv innstilling
Vi tilbyr
- løn etter gjeldane tariff
- eit spennande fagleg miljø i endring og utvikling
- godt arbeidsmiljø
- bedriftsleiligheit i Kristiansand sentrum for tilsette i Valle kommune
- svært gode pensjons- og forsikringsordningar
- gode kultur- og fritidstilbod for ulike interesser og aldersgrupper
- ei trivelig bygd å bu i
- fantastiske moglegheiter for friluftsliv
- kort avstand til alpinanlegg
- gratis barnehage
Viktig for søknaden din:
- CV skal skrivast i Webcruiter-malen
- Attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Dersom ei utrekning av ansiennitet skal omfatte fødsel/omsorg for barn, må fødselsattest eller anna dokumentasjon lastast oppi Webcruiter
- Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500.
Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal vere prega av mangfald.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.
Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
Kontaktinformasjon
Magnus Berg, Leder/Virksomhetsleder, 95868750, magnus.berg@valle.kommune.noArbeidsstad
Kjellebergsvegen 14747 Valle
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Valle kommuneReferansenr.: 4916553778
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.02.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod. Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.
Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2851596
- Hentet fra
talentech
- Referanse
91954db4bb68412e8ea723fbb0a14c68