Sjukepleiar
Vaksdal kommune
Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, deltid 47%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest lørdag 31. mai
Er du sjukepleiar og på jakt etter nye utfordringar?
Heimetenesta i Vaksdal kommune har ledig 47,44% stilling med moglegheit for opptil 75% i timebank. To delt turnus, med arbeid kvar 3. helg.
Vi tilbyr tenester til menneske i alle aldrar, med ulike behov, og har fokus på å gi omsorg med respekt, fagleg kvalitet og menneskeleg varme.
Vaksdal kommune er ein kommune med sterkt fellesskap. Hos oss er det korte avstandar mellom kollegaer, både fagleg og menneskeleg, og vi legg stor vekt på eit godt arbeidsmiljø der tillit og støtte står sentralt.
Heimetenesta er i stadig utvikling, med fokus på velferdsteknologi, fagleg oppdatering og brukarmedverknad. Vi jobbar tverrfagleg, og du vil bli ein del av eit dyktig og engasjert team som brenn for å gi den beste hjelpa – der folk bur og lever liva sine.
Arbeidsoppgaver
- Sjukepleiefagleg oppfølging og prosedyrar (t.d. sårstell, medikamenthandtering, m.m.)
- Omsorg, pleie og førebyggande arbeid i heimen
- Støtte og rettleiing til brukarar og pårørande
- Oppfølging av pasientar i palliativ fase
- Bruk av velferdsteknologi
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som sjukepleiar, anna relevant treårig høgskuleutdanning innan helse kan bli vurdert
- Førarkort klasse B
- Godkjend politiattest må leggast fram ved tilsetting
- Ynskjeleg med erfaring frå heimetenesta
- God norskkunnskap skriftleg og muntleg. For anna morsmål enn norsk, må språkferdighet tilsvare B2.
Personlege eigenskapar
- Du likar å arbeide sjølvstendig og å ta ansvar på vakter
- Du har gode kommunikasjonsferdigheiter og evnar å samarbeide i eit tverrfagleg perspektiv. Evnar å sjå heilskapen mellom dei ulike
- avdelingane og arbeidet som vert gjort
- Du er fagleg trygg, modig og raus - og evnar å gjere tenesta, tilsette og brukarar gode
- Du er påliteleg, stabil og løysingsorientert, med stor evne til gjennomføring
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Kompetente og engasjerte kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Individuell oppfølging
- Moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning
- Løn i tråd med tariffavtaleverk
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vi tilbyr spanande moglegheiter for utvikling og karriere. Gjennom sitt engasjement bidreg våre tilsette kvar dag til at Vaksdal er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Vi er opptatt av innovasjon og er langt framme på digitalisering. Du finn oss sentralt, mellom Voss og Bergen. Det er enkelt å reisa hit med tog og bil.
Heimesjukepleien har base på Dale, og dekkjer heile kommunen. Me skal leggje til rette for at flest mogleg kan bu lengst mogleg heime.Det gjer me gjennom å leggje til rette for eigenmeistring og sjølvstende, ved å byggje på brukaren sine eigne ressursar. Me har brukarar i alle alderstrinn, og arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande. Arbeidsoppgåver er blant anna: Stell og pleie, oppfølging av ernæring og medisinar, gje støtte og vegleiing til brukar og pårørande, kvardagsrehabilitering, omsorg og pleie, palliasjon i heimen, oppfølging med velferdsteknologi.
Sektor
Offentlig
Nettsted