Barnehagelærar
Sveio kommune
Sveiogata 70, 5550 Sveio
Om jobben
Stillingstittel
Barnehagelærar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Førde barnehage er ein kommunal barnehage som held til i Førdebygda i Sveio kommune. Det er 3 avdelingar med barn i alderen 1-6 år. Vi er midt i ein god utviklingsprosess, kor vi jobbar målretta og systematisk med barnehagen som pedagogisk verksemd med fokus planlegging, evaluering, progresjon og dokumentasjon i det pedagogiske arbeidet. I dette arbeidet samarbeider vi tett med bl.a. høgskulesektoren.
Førde barnehage søker:
Barnehagelærar, fast 100 % stilling.
Arbeidsoppgåver
- Barnehagelærar har, i samarbeid med pedagogisk leiar, ansvar for sette ut i livet, og leie det pedagogiske arbeidet i tråd med godt fagleg skjønn.
- Barnehagelærar skal, i samarbeid med pedagogisk leiar, sørge for at barnehagelova og rammeplanen blir oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet.
- Barnehagelærar har, i samarbeid med pedagogisk leiar, ansvar for leie arbeidet med planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av arbeidet i barnegruppa eller innanføre dei områda han/hun er sett til å leie.
- Brnehagelærar har, i samarbeid med pedagogisk leiar, ansvar for foreldresamarbeid.
- Barnehagelærar har, i samarbeid med pedagogisk leiar, ansvar for å legge til rette for og koordinere spesialpedagogisk arbeid og samarbeid rundt barn med spesielle behov.
- Barnehagelærar forpliktar seg til å jobbe i tråd med barnehagen si pedagogiske plattform og kommunen sine faglege satsingar.
Kvalifikasjonar
- Godkjent barnehagelærerutdanning.
- Det er ønskeleg med erfaring i oppfølging av barn med spesielle behov.
- Det er ei forutsetting at søkar har grunnlegjande forståing for og kan nytte IKT som verktøy.
- Norsk er arbeidsspråk i Sveio kommune. Du snakkar, les og skriv så godt norsk at du kan samarbeide med andre og utføre arbeidsoppgåvene dine sjølvstendig.
- Sterk fagleg kompetanse og gode samarbeidsevner.
- Jobbe sjølvstendig, vere løysingsorientert og vise fleksibilitet i arbeidet.
- Det krevest tilfredsstillande politiattest ved tilsetting.
Personlege eigenskapar
- Du har barnets beste i fokus.
- Du har gode leiar- og samarbeidsevner.
- God relasjonskompetanse og god omsorgsevne.
- Nyfiken, motivert og undrande saman med barn
- God forståing og evne til planleggings- og evalueringsarbeid.
- Du er utadvendt og har evnen til å kommunisere godt både skriftleg og munnleg.
- Du er sjølvstendig og strukturert med god gjennomføringsevne.
- Du kan være i fysisk aktivitet og delta i leik med barna.
- Du tar personleg initiativ og ansvar for eigen og andre sin trivnad.
- Personleg dugleik vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Ein jobbkvardag som bl.a. gir mange unike, eventyrlege, humoristiske og magiske augneblink saman med barn og vaksne
- Kompetente og dyktige kollegaer i eit utviklande barnehagemiljø kor ein har positive forventingar til kvarandre
- Eit spennande arbeidsmiljø med gode muligheter for fagleg påfyll
- Lønn etter gjeldande tariff
Kontaktinformasjon
Hilde Lunde Johannessen, Einingsleiar Førde barnehage, 928 90 268Arbeidsstad
Sveiogata 705550 SVEIO
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sveio kommuneReferansenr.: 4668194127
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.06.2023
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden. Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland. Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2349052
- Hentet fra
talentech
- Referanse
89b40db1800d4940bf199285f5fe2893