Kommunedirektør
Ørsta kommune
Ivar Aasen-gata 10, 6150 Ørsta
Om jobben
Stillingstittel
Kommunedirektør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 6. mai
Ørsta kommune – saman mot nye høgder
Er du ein modig og visjonær leiar som vil vere med å forme framtida til ein kommune i vekst – midt i hjartet av Sunnmørsalpane?
I Ørsta får du det beste frå to verder: innovativt næringsliv og framtidsretta offentlege tenester, sterke fagmiljø og høg livskvalitet med tilgang til storslått natur, rikt kulturliv og eit trygt oppvekstmiljø. Vi har etablert oss som eit leiande handelssentrum på Søre Sunnmøre og har flyplass med mange daglege avgangar til Oslo og Bergen. I nabobygda finn du både sjukehus og høgskule.
Vi søkjer ein strategisk og framtidsretta kommunedirektør som vil vere ein sentral pådrivar for utvikling.
Dette er ein plass for deg som vil utgjere ein forskjell – både på jobb og i livet.
Er du den visjonære leiaren vi søker for å leie Ørsta kommune inn i framtida?
Noreg står overfor mange spennande og krevjande samfunnsutfordringar, og i Ørsta kommune er vi klare for å ta desse utfordringane på strak arm. Som kommunedirektør vil du alltid arbeide for å levere tenester i .samsvar med vedteken kvlitetstandard så kostnadseffektivt som mogleg.
Vi er organisert i tre kommunalområde og to stabsfunksjonar, og du vil leie ei dynamisk leiargruppe beståande av tre kommunalsjefar, økonomisjefen og personalsjefen. Du får jobbe tett med både politisk nivå og engasjerte medarbeidarar i ein organisasjon der kommuneverdiane våre ligg til grunn for alt vi gjer.
Lenke til arbeidsgjevarstrategien vår: https://drive.google.com/file/d/1U5QQLNxYJNRHgTNDmUtKlqucTr5tVDrI/view
Arbeidsoppgåver
Som kommunedirektør vil du ha ansvar for å:- Kommunisere verdiane og strategiane våre i alle ledd av organisasjonen og til politisk nivå.
- Vere resultatorientert med fokus på god verksemdstyring og økonomisk forvaltning
- Sørgje for at kommunestyret får gode saksframlegg for informerte avgjersler.
- Omsetje politiske vedtak til konkret handling i organisasjonen.
- Støtte og vidareutvikle eksisterande prosessar
- Sikre eit godt partssamarbeid med organisasjonane
- Vere ein god leiar med personalansvar
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning, vidareutdanning innan leiing er ynskjeleg
- Grunnleggande forståing innan økonomi, strategi, kommunalrett og internkontroll
- Dokumentert kunnskap om budsjett og kostnadsstyring
- Minimum 5 års relevant leiarerfaring med ansvar for fag, personale og økonomi
- Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner og digitale ferdigheiter. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon og er oppteken av klart språk i forvaltninga
Personlege eigenskapar
- Har eit stabilt og godt humør og evnar å samle folk
- Vidareutviklar ein kultur der medarbeidarane styrer sjølvstendig etter kommunen sine verdiar
- Utviklar medarbeidarane dine med ei lyttande, anerkjennande og inkluderande haldning
- Bygger relasjonar internt i organisasjonen, mot politisk nivå og til innbyggarane våre
- Har høg arbeidskapasitet og evnar å prioritere og delegere
- Kan gjere komplekse problemstillingar forståelege
Vi tilbyr
- Løn etter avtale.
- Ei av Norgeg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tjenestepensjon. Der dei fleste tjenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tjenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige vilkår på mange bank, forsikring og spareprodukt. Les meir om pensjonsordninga som gjeld for deg på KLP sine heimesider ved å trykke på vedlagte lenke: https://www.klp.no/pensjonsguiden?kommune=%C3%98rsta%20kommune&oftp=1&produkter=12
- Godt arbeidsmiljø og gode støttefunksjonar i kvardagen
- Eit godt etablert partssamarbeid
- Fagleg og kollegial støtte gjennom deltaking i interkommunale nettverk i regi av KS
Søkjarane vert vurderte ut ifrå ei samla vurdering av formelle kvalifikasjonar, erfaring frå relevant arbeid, historikk, omdøme og personlege eigenskapar.
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. Vi ber deg oppgi referansar frå tre nivå: overordna, sidestilt og underordna. Kommunen vil kunne nytte utvida referansesjekk i tillegg.
Søkjarane som vert kalla inn til intervju må legge fram rettkjend dokumentasjon.
Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement
Stillinga er plassert i HTA kap. 3.4.1 A og er omfatta av HTA kap.1 §6.3. Det vert gitt 10 kompensasjonsdagar pr.år.
Stillingskode 9430
Om offentleglova
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Per Are Sørheim, Ordførar, 91852541, per.are.sorheim@orsta.kommune.noIdun Lee Hofset, Personalsjef, 48139574, idun.hofset@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Ivar Aasen-gata 106150 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4954680803
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.05.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Ørsta
kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og
næringsliv. Den gode geografiske plasseringa
vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna
næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta
og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire
daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2921998
- Hentet fra
talentech
- Referanse
eea7f70dbce64568ab74119f8d8b6f57