Sjukepleiar
Hareid kommune, Sektor for velferd
Teigevegen 55, 6060 Hareid, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 6. april
Hareid kommune driftar eit asylmottak og har busett mange flyktningar, i den samanheng har vi ledig 100-prosent stilling som sjukepleiar. Arbeidsoppgåver vil være knytt til oppfølging av asylsøkjarar og flyktningar.
Stillinga har dagarbeidstid og er ledig frå snarast. Vi ønskjer ein medarbeidar som kan bidra positivt inn i eininga, og som vil vere med å vidareutvikle og skape berekraftige helsetenester.
Stillinga ligger for tida under helse og koordinerande eining.
Arbeidsoppgåver
- Jobbe etter gjeldande lover, føreskrifter og nasjonale retningslinjer knytt til helsefremjande- og forebyggande arbeid.
- Helseundersøking og helseoppfølging
- Vaksinering
- Undervising og rettleiing individuelt og i grupper
- Støttesamtalar og oppfølging av psykisk helse.
- Delta i utvikling av tenesta
- Tverrfagleg arbeid
- Dokumentasjon i HSPRO journalsystem
- Andre relevante arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjend sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg
- God kompetanse på digitale verkty
- Erfaring og evne til å samarbeide tverrfagleg
Personlege eigenskapar
- Imøtekomande og evne til å skape tillit og gode relasjonar
- God ansvarsforståing, kommunikasjonskompetanse og samarbeidsevne
- Du må vere trygg på deg sjølv, og i stand til å handtere uføreseielege situasjonar
- Vi verdset at du er omsorgsfull, sjølvdriven og løysingsorientert
- Personleg eignaheit vert vektlagt
- Førarkort klasse B
- Krav om politiattest
Vi tilbyr
- Eit triveleg og spanande arbeidsmiljø med fagleg dyktige kollegaer
- Varierte arbeidsoppgåver
- Forsikrings- og pensjonsordning i KLP
Løn og arbeidsvilkår er etter det som til ei kvar tid gjeld i lover og avtaleverk. Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår. Aktuelle kandidatar kan bli kalla inn til intervju etter nærare avtale.
Hareid kommune praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Jf. Offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Om du ønskjer å reservere deg, må du opplyse om dette og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet ditt skal offentleggjerast. Du blir kontakta i forkant.
Kontaktinformasjon
Ottar Eiksund Røyset, Kommunalsjef, +47 97797373Arbeidsstad
Teigevegen 556060 HAREID
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Hareid kommuneReferansenr.: 4939814770
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Ottar Eiksund Røyset
Kommunalsjef
+47 97797373
Om bedriften
GODE TENESTER - GLADE TILSETTE
Hareid kommune har omlag 5300 innbyggarar, og 500 tilsette.
Våre tilsette er kommunens viktigaste ressurs. Kvaliteten på tenesteytinga er avhengig av kompetanse, og i kva grad vi har vilje og motivasjon. Innbyggjarane i Hareid er utgangspunktet for service- og tenesteytinga vår.
Inkludering og mangfald er ein styrke. Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Alle søkjarar blir førte opp på offentleg søkjarliste. Du kan søkje om anonymitet. Det må liggje føre særskilde omstende for å få innvilga unntak, jamfør Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest av ny dato legg du fram til stillingar der dette er eit krav.
Attestar, vitnemål og vedlegg må ligge ved søknaden din. Du lastar opp dokumenta til søknaden din i Webcruiter.
Vi oppmodar deg til å nytte Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Noreg må vere godkjent av HK-dir (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2892004
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ba17a6a8b2704e6a8dbb70ef452d7306