Miljøarbeider med erfaring frå Bygg- og anleggsteknikk eller Teknologi og industrifag
STR - Avd. PED, Vestland fylkeskommune
Hegrevegen 1, 6783 Stryn, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøarbeider med Byggfag-/Teknologi og industrifag-erfaring
Oppstart
11. august 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i dag
Stryn vidaregåande skule ligg i sentrum av tettstaden Stryn, inst i Nordfjord. Skulen har omlag 300 elevar og 60 tilsette. Vi tilbyr følgjande utdanningsprogram: Teknologi og industrifag, Bygg- og anleggsteknikk, Helse- og oppvekstfag og Studiespesialiserande. I tillegg har vi vaksenopplæring, innføringsklasse og landslinje i skiskyting. Vi legg vekt på å skape gode læringsmiljø for elevane og eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette.
Frå 01.08.25 har Stryn vgs ledig stilling som Miljøarbeider med erfaring frå Bygg- og anleggsteknikk eller Teknologi- og industrifag, i inntil 100% stilling.
Arbeidsoppgåver
Oppfølging av elevar/elevgrupper i verkstad, praksis, klassen, grupper eller åleine. Støtte lærar i det daglege arbeidet med undervisning og oppfølging.Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter deg som kan arbeide som miljøarbeider med erfaring innan Bygg- og anleggsteknikk eller Teknologi- og industrifag
Bør ha erfaring frå arbeid med ungdom
Personlege eigenskapar
Har erfaring frå Bygg- og anleggsteknikk eller Teknologi- og industrifag
Er god på relasjonsbygging og har gode evner til å kommunisere
Arbeider sjølvstendig
Er kreativ, løysingsorientert og fleksibel
Har evne til å inspirere og vise omsorg
Er ein tydeleg og raus vaksen som ser etter ressursen i kvar enkelt elev
Vil vere med på å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
Vi tilbyr
Løn i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Inkluderande og godt arbeidsmiljø
Gode moglegheiter for læring og utvikling
Varierande arbeid
Kontaktinformasjon
Kari Vigdis Teigen Nyberg, avdelingsleiar, 90999987Arbeidsstad
Hegrevegen 16783 Stryn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4980305973
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 11.08.2025
Søknadsfrist: 19.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Kari Vigdis Teigen Nyberg
avdelingsleiar
90999987
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4674ad96-6b6c-4d3d-9baa-6c4b25afd851
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8f95c4ce77114d96818be629de59dc00