Helsefagarbeider
Radiologi Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Kløvertunvegen 1, 6103 Volda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeider
Oppstart
3. februar 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. februar
Bli ein del av vårt dyktige team ved Radiologi Volda!
Er du ein engasjert helsefagarbeidar som ønskjer ein spennande og variert arbeidskvardag? Vi søkjer ein sjølvstendig og ansvarsbevisst medarbeidar til eit 100 % vikariat fram til 31.10.2025, med moglegheit for forlenging. Hos oss får du jobbe i eit høgteknologisk og fagleg sterkt miljø, der du blir ein viktig del av eit team som bidreg til presis diagnostikk og pasientbehandling. Du vil få varierte oppgåver, frå pasientkontakt og tilrettelegging for undersøkingar til praktisk arbeid med medisinsk teknologi. Vi ser etter deg som trivst i eit hektisk miljø, er strukturert, løysingsorientert og har gode samarbeidsevner.
Radiologisk avdeling i Volda har ein moderne maskinpark med CT, MR, ultralyd, osteodensimetri og tre skjelettlaboratorium. Vi er ein stabil og samansveisa arbeidsgruppe med 17 radiografstillingar, der 12 går i rullerande 3-delt turnus. Sjukehuset har traumefunksjon og er i utvikling med både utvidingar og oppgraderingar.
Kvifor velje Volda?
Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn.
Sjå meir om Volda her og her.
Høyrest dette ut som noko for deg? Då håper vi du søkjer og blir ein del av vårt gode arbeidsmiljø!
Vi ber om at vitnemål og attestar/tenestebevis frå evt. tidlegare arbeidsforhold blir lasta opp som vedlegg til CV/søknad
Arbeidsoppgåver
- Registrere pasientar, scanne og sende bilete, samt dokumentere i datasystemet
- Jobbe sjølvstendig med osteodensimetri (måling av beintettleik)
- Forberede pasientar, tilrettelegge og delta i ultralydundersøkingar med radiolog
- Planlegge og organisere undersøkingar i samarbeid med andre avdelingar
- Delta i oppfølging og implementering av rutinar og retningslinjer
- Anna førefallande arbeid knytt til stillinga
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Helsesekretærar eller personar med anna helsefagleg bakgrunn kan òg søkje
Personlege eigenskapar
- Ansvarsbevisst, fleksibel og strukturert
- Løysingsorientert og har god orden
- Gode samarbeidsevner på tvers av profesjonar
- Bidreg til eit trygt og godt arbeidsmiljø
- Høg arbeidskapasitet og evne til å handtere eit variert og tidvis hektisk arbeidstempo
Å vere personleg eigna vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Lisbeth Skipenes Andersen, Seksjonsleiar, lisbeth.andersen@helse-mr.noArbeidsstad
Kløvertunvegen 16103 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4909395873
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 03.02.2025
Sluttdato: 31.10.2025
Søknadsfrist: 16.02.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2847981
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b4727204131d40bb84106fb3a374ead6