Sesongarbeidar 2023
Stillingsannonsen er inaktiv.Storfjorden Kyrkjelege Fellesråd
Ødegårdvegen 3, 6200 Stranda, Fjord, Stranda
Den norske kyrkje, Storfjorden Kyrkjelege Fellesråd,
Har ledig 100 % stilling som sesongarbeidar i tida 01.06. - 01.09.23
Vi søkjer arbeidsglade og sjølvstendige personar til sesongarbeid på gravplassane i Storfjorden kyrkjelege fellesråd. Vi søkjer inntil 100 % stilling, og stillinga kan delast på fleire personar. Arbeidstid etter avtale, og om mogleg kan stillinga vere deltid med oppstart 01.mai.
Hovudarbeidsoppgåver:
· Grønt vedlikehald som grasklipping, planting og stell av gravbed, staudar og buskefelt, luking, vatning osv.
· Vedlikehald av grusvegar.
· Søppelrydding.
· Vedlikehald av utstyr og reiskap.
· Medhjelpar ved graving av graver.
· Medhjelpar ved vedlikehald av kyrkjer
· Forfallande arbeid knytt til drift av gravplass
Kvalifikasjonar:
· Gjerne erfaring med gartnararbeid og/eller er maskinkyndig.
· Beherske norsk munnleg.
· Over 18 år.
· Ha sertifikat og disponere bil.
Personlege eigenskapar:
· Trives med fysisk utearbeid i all slags ver.
· Kan jobbe sjølvstendig og ta ansvar for ulike oppgåver knytt til arbeid på ein gravplass.
· Omgjengeleg i møte med publikum og pårørande
Vi tilbyr:
· Løn etter kvalifikasjonar og gjeldande tariffavtale
· Arbeide i fellesskap med kyrkjegardsarbeidarane
· Oppmøtestad er Stranda kyrkje eller Stordal kyrkje.
Anna:
- Tilsettinga skjer med Storfjorden kyrkjelege fellesråd som arbeidsgjevar, og med kyrkjegardane i Stranda og Fjord kommunar som arbeidsområde.
- Personlege eigenskapar vektleggast.
- Oppstart etter avtale etter 01.06.2023
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Storfjorden Kyrkjelege Fellesråd
Adresse
Ødegårdsvegen 3, 6200 Stranda
Hjemmeside
Storfjorden kyrkjelege fellesråd sitt området er 6 sokn i bygdene rundt Storfjorden, i Fjord og Stranda kommunar, med tilsaman 7000 innbyggjarar. Vi har 7 kyrkjer og 10 kyrkjegardar, der tre av dei ikkje er i tilknyting til kyrkja. Tilsette utgjer omlag 10 årsverk fordelt på 18 personar i fellesrådet, og 3 prestar. Fellesrådet sitt hovudkontor er i Stranda.
Om stillingen
Stillingstittel
Kirkegårdsarbeider
Antall stillinger
1
Oppstart
1. juni 2023
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Arbeidsdager
Ukedager
Arbeidstid
Dagtid
Sist endret: 1. april 2023
Hentet fra: Stillingsregistrering
Referanse: 45f121ec-3cf6-4c0a-a81b-31dbd2a10105
Stillingsnummer: 45f121ec-3cf6-4c0a-a81b-31dbd2a10105