HR-konsulent
Universitetet i Bergen
Nygårdsgaten 5, 5007 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
HR-konsulent
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. juni
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://vimeo.com/309867103?share=copySeniorkonsulent ved HR-avdelinga
HR-avdelinga ønskjer deg velkomen til å søkje vikariat frå snarast til 1. juli 2026 som seniorkonsulent ved Seksjon for HR-fellestenester. Avdelinga leverer HR-tenester til Fakultet for Kunst, musikk og design, Det juridiske fakultet og sentraladministrative einingar. Vi ser etter ein medarbeidar som ønskjer å vere med å utvikle oss gjennom sakshandsaming og rådgjeving på HR-feltet.
HR-avdelinga si oppgåve er å yte god HR-fagleg service til leiinga og tilsette. Du vil ha ein viktig funksjon som rådgjevar og samtalepart i alle HR-relaterte saker. Rekruttering utgjer ein stor del av stillinga, dette krev tett samarbeid på alle trinn i prosessen. I tillegg er det andre personaladministrative oppgåver som å følgja opp ulike førespurnadar frå leiarar, tilsette, og søkjarar på arbeidsfeltet.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
- Sakshandsaming og rådgjeving i rekrutteringsprosessar frå utlysing til tilsetting
- Leiarstøtte innan HR og personaladministrativ sakshandsaming
- Sakshandsaming innan personalforvaltning og personaladminstrasjon i henhold til lov-og avtaleverk i staten
- Utvikling og kvalitetssikring av HR-prosessar
Administrasjonsoppgåvene ved UiB er under kontinuerleg utvikling, og oppgåvene kan difor verte endra.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Utdanning på minimum bachelorgradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
- Du bør ha relevant erfaring frå HR- og personalområdet
- Du bør ha god kjennskap til statleg forvalting og regelverk
- God digital kompetanse
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Vi søkjer ein medarbeidar som:
- har stor grad av sjølvstende i arbeidet, og er ansvarleg og løysingsorientert
- har gode kommunikasjonsferdigheiter og trivst i møte med mange ulike menneske
- arbeider nøyaktig og systematisk, og har evne til å prioritere
- trivst med høgt arbeidstempo og mange parallelle oppgaver
- har ei god serviceinnstilling er raus og inkluderande
Det vil bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
- Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) kr 557 100 – 587 100 i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Faggruppeleiar Åslaug Styve Mjånes, tlf. nr. 55 58 32 79 eller seksjonsleiar Janne Marie Solheimslid, tlf. nr. 918 19 544.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fellesadministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om HR-avdelinga her.
Sektor
Offentlig