Hopp til innhold

Ingeniør samfunnsdrift

Arbeidsgiver

Fjord kommune

Sted

Stordalsveien 550, 6250 Stordal

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Ingeniør samfunnsdrift
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor
I Fjord kommune på Sunnmøre kjennast livet litt meir ekte, og kvardagen lettare. Her vaknar du til fjordglimt og sterke lokalsamfunn, ungar som spring trygt mellom gode nærmiljø, og ein kvardag der både skule, barnehage, natur og fritid er tett på – og lett å bruke. I Fjord kommune finner du eit rikt kulturliv og næringsliv i utvikling. 


Vi tilbyr ikkje bare ein jobb, men ein stad der livet rett og slett smakar betre. I Fjord er det korte avstandar, mindre stress og rom for å puste – men òg store mulegheiter, gode tenester og eit lokalsamfunn som faktisk ser deg.

Les meir om alt Fjord kommune har å tilby på OPPLEVFJORD.NO

Og for å gjere starten enkel, vi hjelper deg inn på ekte det første året! 

Gratis husleige i 6 månader, hjelp til å finne bustad, gratis abonnement på treningsenter i kommunen, årskort til Arena Overøye og Tafjordbadet for deg og familien. I kommunen vår er det i dag behov for fleire flinke folk til arbeidsoppgåver i Helse og oppvekst sektoren om du har partner som også er på jakt eetter arbeid. Vi har og god kontakt med det private næringslivet i kommunen og kan også formidle kontaktar i så måte.

Her er terskelen låg, og utsikta heilt rå. Bli med heim til Andreas Ødegaard - Folk i Fjord

Vi ser etter deg som har lyst til å ta styringa – ikkje berre jobbe i ein kommune, men vere med på å løfte ho. I denne rolla får du vere personen som gjer kvardagen trygg, effektiv og smart for både innbyggjarar og kollegaer. Du få sitte saman med gode kollegar på Kommunehuset i Stordal.

Har du spørsmål til stillinga eller kommunen, er det bare å ta kontakt med dine potenislle nye arbeidskollegaer.


Dette blir jobben din

  • Leie spanande prosjekt innan veg, vatn og avløp - frå idé til ferdig løysing
  • Planlegge og gjennomføre innkjøp som sikrar gode avtalar og kvalitet
  • Ha kontroll på økonomi, framdrift og kvalitet - du sørger for at alt går på skinner
  • Bidra fagleg i utgreiingar og prosjektgrupper - di kompetanse blir verdsatt
  • Skape gode prosessar med brukarmedverknad - du får folk med på laget
  • Kontrahere og følgje opp rådgjevarar og entreprenørar - du er bindeleddet som får ting til å skje
  • Saksbehandling - veg- og trafikksaker har du stålkontroll på

Kvalifikasjonar

  • Du bør ha relevant utdanning på bachelornivå innan bygg eller tilsvarande realkompetanse, og erfaring frå fagområdet du skal leie. Førarkort minimum klasse B er eit krav.
  • Vi tror du vil trivast her dersom du

    • er typen som likar når ting er på stell – og kan få det til å skje
    • motiverar folk, lyttar og får teamet ditt til å spele kvarandre gode
    • har erfaring frå drift/bygg/tekniske fag og synest utvikling er gøy                                           
    • er digitalt interessert (du treng ikkje vere tech-nerd, berre open og effektiv)
    • trivst med ansvar, men også med ein kaffiprat i gangen.

    Kva kan vi tilby i Fjord kommune

    • Gode pensjonsordningar i KLP
    • Lønn etter avtale
    • Kommunen legg til rette for fagleg utvikling og etter-/ vidareutdanning
    • Huska du årskort på treningssenter, gratis husleige i 6 mnd....
    • Fleksibel arbeidstid

    Dette er ei rolle for deg som vil bety noko – for folk, for teamet ditt, og for ein kommune som faktisk satsar. Her blir du ikkje ein liten del av eit stort system. 

    Kontaktinformasjon

    Freddy Hanssen, Kommunalsjef Teknisk, 97970030
    Trond Alstadsæter, Leiar Bygg og kommunalteknikk, +47 99711252

    Arbeidsstad

    Stordalsveien 550
    6250 Stordal

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Fjord kommune

    Referansenr.: 5048715266
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 31.12.2025

    Om bedriften

    FJORD

     

    Sektor

    Offentlig

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    45b90b47-cc6a-4579-bda8-72c2a5d85a88

    Sist endret

    1. januar 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    ded9d485583149edb6f970ba43058efa

    Lignende annonser