Fastlege Brattvåg legekontor
Tenesteområde Ergoterapi, fysioterapi og lege, Haram kommune
Strandgata, 6270 Brattvåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fastlege Brattvåg legekontor
Oppstart
7. april 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 30. mars
Haram kommune - vil du vere med å byggje ein ny kommune?
Brattvåg legekontor har ledig stilling for fastlege. Den ledige lista har pr. i dag om lag 800 pasientar. Vi tilbyr eit solid fagleg og sosialt miljø med fast tilsette legar i alle heimlar. Legekontoret ligg i moderne fasilitetar i tenestehuset i Brattvåg, som vart opna hausten 2019, og har kort pendlaravstand frå Ålesund.
Haram er ein kommune med gode oppvekstvilkår, høg barnehagedekning og eit rikt kultur- og friluftsliv. Brattvåg legekontor vert kommunalt drive og har erfarne tilsette som bidreg til eit godt arbeidsmiljø. Som ny fastlege kan du velje mellom ein gunstig 8.2-avtale med Haram kommune, der fastlegen er sjølvstendig næringsdrivande og betalar ei månadleg leige, eller fastløn med 30% av produksjonsinntektene.
Haram kommune har tre legekontor: Brattvåg legekontor med seks fastlegestillingar og ein LIS1, Vatne legekontor med fire fastlegestillingar og ein LIS1, og Haramsøy legekontor med to fastlegestillingar og ein LIS1. Alle legane møtast kvar månad til allmennlegeutval og faglege møte som gir smågruppe-poeng til vidareutdanning og etterutdanning.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune med gode, heilskaplege tenester. Vi skal ha særleg fokus på å spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggjarar og næringsliv. Eit viktig mål for kommunen er å tilby god kvalitet og behandling.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Gjennomført LIS1 i Norge
- Spesialist i allmennmedisin, under spesialisering eller villig til å starte spesialiseringsløp
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- God kunnskap om norsk lovverk
- Gode språkkunnskapar i norsk munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Personleg eignaheit for stillinga vil bli tillagt stor vekt
- Interesse for å vere med å bidra inn i utvikling og drift av legekontoret
- Interesse for kvalitets- og utviklingsarbeid med fokus på pasientsikkerheit
- Evne til å jobbe i team
- Evne til fleksibilitet
- Godt humør og positiv framtoning
- God arbeidskapasitet
Vi tilbyr
- Varierte og overkomelege arbeidsdagar med gode økonomiske vilkår
- Du kan velge mellom konkurransedyktig fastløn med tillegg av 30% bonus av takstproduksjon eller sjølvstendig næringsdrift med fordelaktig 8.2 avtale
- Interkommunal legevakt i Ålesund kveld, helg og natt, to til fire vakter i månaden. Døgnbemanning med erfarne sjukepleiarar. Mange av nattevaktene på kvardagar er bemanna av fast tilsette legar. Interkommunal ØHD-avdeling som ligg i Ålesund er godkjend som institusjonsteneste for 6 månader i ny ordning for spesialisering i allmennmedisin
- Etter avtale mellom legen og Haram kommune kan legen vere forplikta til offentleg arbeid i inntil 20% stilling, med minimum 6 månaders varsel.
- ALIS-avtale
Kontaktinformasjon
Elly Christine Volsdal Slettvoll, Tenesteleiar, 90158565, elly.christine.volsdal.slettvoll@haram.kommune.noArbeidsstad
Strandgata6270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 4931584687
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 07.04.2025
Søknadsfrist: 30.03.2025
Kontaktperson for stillingen
Elly Christine Volsdal Slettvoll
Tenesteleiar
90158565
Om bedriften
Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund
Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2882157
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6882c7e8cf504175a495243e21ce0d31