Ledig fast deltidsstilling som kafèmedarbeidar
Kabuso
Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
Om jobben
- Oppstart
- 15. juni 2026
- Stillingstittel
- Kafemedarbeider
- Type ansettelse
- Fast, deltid 24%
- Arbeidstid
- Vakt, dagtid og kveld, alle dager
Kabuso og Ingebrigt Vik museum er ein kunstinstitusjon som har ope heile året med varierande kunstutstillingar, konsertar og publikumsarrangement. Kabuso har i tillegg eigen kafé og butikk.
Frå medio juni 2026, har Kabuso ledig fast 24,3% stilling i kafé/resepsjon. I tillegg vil arbeidet også omfatte publikumsarrangement.
Kabuso ser etter den som har kunnskap og interesse for kunst og musikk, og evner å formidle på norsk og engelsk. Du må beherske grunnleggande digitale verktøy, ha gode samarbeidsevner og like å arbeide med publikum.
Arbeidet er fordelt på vaktplan med fast arbeid kvar tredje helg, frå fredag til sundag, i løpet av året. For sommarsesong kommer i tillegg tre vekers arbeid tilsvarande full stilling. Samla for året, utgjer dette 24,3% stilling.
Det er ein fordel med erfaring frå tilsvarande arbeid eller verksemd, men ikkje noko krav!
Kabuso tilbyr eit triveleg og godt arbeidsmiljø, løn etter avtale, gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar.
Om bedriften
Kunsthuset Kabuso vart opna i januar 2006, som Hordaland Fylkeskommune sin tusenårsstad, og ligg i Øystese, Hardanger.
Kabuso er eit kunsthus som presenterer skiftande kunstutstillingar og konsertar. Kabuso er ei avdeling i Stiftinga Hardanger og Voss Museum.
Sektor
Privat
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4558277f-f0d5-4254-a9d3-d37294eea52a
- Sist endret
9. mai 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
4558277f-f0d5-4254-a9d3-d37294eea52a