Engasjement overstyrmann Lote-Anda
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Lotevegen 775, 6778 Lote
Om jobben
- Oppstart
- 1. mai 2026
- Stillingstittel
- Overstyrmann pt. MF Eidsfjord
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Skift
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 28. april
Fjord1 er eit framtidsretta selskap med fokus på miljø og teknologi. Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår og gode pensjons- og velferdsordningar. Lote-Anda er Norges første heilelektriske samband og vert drifta av nybygde fartøy frå 2016.
Familievenleg turnus med mykje fri. Mogleg å bu om bord.
- Du får ein nøkkelrolle i å sikre pålitelig drift.
- Engasjerte og dyktige kollegaer.
- Mykje fritid og ein ettertrakta turnus.
Arbeidsoppgåver
- Leiar for dekksavdeling og sikre effektiv drift
- Vere avløysar for skipsførar
- Ta avgjerder i kritiske situasjonar dersom skipsføraren ikkje er tilgjengeleg
- Utføre ettersyn og vedlikehald av navigasjonsutstyr
- Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig og oppfyller tryggleikskrav
- Oppdatere og halde vedlike vedlikehaldssystem for dekk
- Ansvar for opplæring, utvikling og trening av mannskapet
- Sikre at mannskapet har riktig verneutstyr og følgjer tryggleiksrutinar
- Sørge for at passasjerane vert behandla på ein høfleg og profesjonell måte
- Kontrollere at kommunikasjonsutstyr fungerer som det skal
- Påsjå at billettering og kontroll vert gjennomført i samsvar med retningslinjer
- Sikre trygg og effektiv lasting og lossing av fartøyet
Kvalifikasjonar
- D3-sertifikat
- VHF/ROC-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- ECDIS kurs
- Krise-og passasjerhandtering
- Gyldig helseattest
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Gode velferdsordningar
Vi ser fram til å høyre frå deg! Fjord1 har og fleire ledige stillingar – både på sambandet og i andre delar av bedriften. Sjå gjerne oversikta på www.fjord1.no.
Kontaktinformasjon
Jonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver, +47 90210232, jonas.hovland@fjord1.noArbeidsstad
Lotevegen 7756778 Lote
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 5098923335
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.05.2026
Sluttdato: 20.08.2026
Søknadsfrist: 28.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4552c14e-bdca-4ac8-aa4c-7f261fed9643
- Sist endret
17. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
673a7df2d27d44a1b115c97591dc76b5