Avdelingsleiar heimesjukepleie / heimehjep, område Stryn
Stryn Kommune
Myrane 18, 6783 Stryn, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar heimesjukepleien/heimehjep, område Stryn
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i dag
Vi har ledig fast stilling som avdelingsleiar i avdeling for heimesjukepleie og heimehjelp, område Stryn.
Avdelingsleiar er med i leiarteamet for pleie- og omsorgstenestene i område Stryn, næraste overordna er einingsleiar for Eining pleie- og omsorgstenester, område Stryn.
Som leiar har du ansvar for fag, personal og økonomi, samt ansvar for drift og utvikling av tenestene. Kvardagen som leiar kan vere hektisk, med mange ulike oppgåver, og du blir gjeven stor grad av tillit. Det er difor viktig at du er sjølvstendig, evnar å prioritere oppgåver og kan planlegge din eigen arbeidsdag.
Som avdelingsleiar samarbeidar du tett med einingsleiar, avdelingsleiarar og tilsette for å sikre fagleg drift og utvikling. Du vil også ha eit tett samarbeid med tilsette i administrasjonen og samarbeidande yrkesgrupper som fysioterapeut og ergoterapeut. Du skal vere med på å sikre at tenestene som blir tilbydde er forsvarlege, av høg kvalitet og i tråd med gjeldande lovverk og retningslinjer.
Vi søker ein leiar som tenker utvikling, som ser mogelegheiter og løysingar, og som vil skape ein god kultur. Som ein del av vårt leiarteam får du mogelegheit til å vere med på å forme og vidareutvikle våre leiaroppgåver og arbeidsmiljø. Gode evner til samarbeid vil bli vektlagt.
Leiarerfaring frå tidlegare tel positivt, men er ikkje eit krav. I jobben som avdelingsleiar vil du få mogelegheita til personleg og fagleg utvikling som leiar. Stryn kommune vil oppfordre og tilby dei som manglar kompetanse mogelegheita til å ta utdanning eller kurs slik at ein vert fagleg trygg i sin arbeidskvardag, og slik at ein står med riktig kompetanse retta mot framtida.
Hausten 2025 skal kommunen i gang med omstillingsprosjektet TØRN, og vi ser difor etter ein leiar som er nyskapande og engasjert, og som har evne til omstilling og som er interessert i å vere med på å utvikle tenesta. Vi søker ein lagspelar som vil vere med på å utvikle tenestene våre.
Vil du bli ein del av vårt team? Søk i dag!Arbeidsoppgåver
- Fagleg ansvar for tenestetilbodet
- Dagleg leiing og organisering av personalressursar
- Oppfølging av internkontroll
- Medverke til utvikling av avdelinga og tenestene
- Skape eit godt arbeidsmiljø og involvere personalet i endringsprosessar
Kvalifikasjonar
- Primært sjukepleiarutdanning men anna relevant høgskuleutdanning kan bli vurdert
- Det er fordel med leiarutdanning og leiarerfaring
- Relevant arbeidserfaring innan fagområdet
- Gode faglege og digitale ferdigheiter
- Gode kunnskapar i norsk munnleg og skriftleg, B2
- Gyldig politiattest må leverast før oppstart
Personlege eigenskapar
- Personleg eignaheit vert vektlagt
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Engasjert, kreativ og løysingsorientert
- Gode organisatoriske evner
Vi tilbyr
- Variert arbeid i positivt miljø
- Tenester i utvikling
- Gode moglegheiter for leiarutvikling
- God pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Kristine Flo, Einingsleiar pleie- og omsorgstenester Stryn, 99538494Arbeidsstad
Myrane 186783 Stryn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stryn KommuneReferansenr.: 4973715773
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Kristine Flo
Einingsleiar pleie- og omsorgstenester Stryn
99538494
Om bedriften
Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.
Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane.
Her finn du andre ledige stillingar i Stryn kommune: https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
453caeba-785e-47db-8c5d-ef319521d6a8
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3c940494464743aabdd4deb51c988105