Driftsansvarleg reinhald
Alver kommune
Kraften, Kvassnesvegen 56, 5914 Isdalstø
Om jobben
- Stillingstittel
- Driftsansvarleg - reinhald
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. november
Om stillinga
Me søkjer etter deg som er engasjert, serviceinnstilt og fagleg interessert i reinhald, og søkjer etter ein driftsansvarleg til reinhaldsavdelinga vår. Du vil inngå i eit team med 2 andre driftsansvarlege som deler den daglege drifta og vil ha ansvar for eigen portefølje. Du må og rekna med noko arbeid i drift. Det er ei fordeling i stillinga med 50% reinhald og 50% administrativt.
Me har ein spennande og variert arbeidskvardag, både administrative og operative oppgåver knytte til reinhald, og me har eit arbeidsmiljø som er godt og inkluderande. Du vil vera ein nøkkelperson i organisasjonen, og bidra til å sikra god drift og motiverte medarbeidarar.
Arbeidsoppgåver inkluderer blant anna å samarbeida tett med avdelingsleiar og andre i organisasjonen. Stillinga har ikkje personalansvar men oppfølgingsansvar, sørgja for at tilsette følgjer instruksar og rutinar, sikre kvalitet og stabilitet i leveransane våre.
Normalarbeidstida er kl. 06:30 - 14:00. Arbeidsgivar stiller med arbeids bil, og det er viktig at du trivst med å køyra bil heile året rundt på ulik veg- og føreforhold.
Send inn ein søknad og bli den nye kollegaen vår!
Om reinhaldsavdelinga
Reinhaldsavdelinga er bemanna med ca. 70 tilsette og har 3 ansvarsområder som vert koordinert av kvar sin driftsansvarleg. Reinhald er organisert som avdeling i tenesteområde drift- og vedlikehald, og arbeidsområdet vårt er heile den vidstrakte kommunen.
Avdelinga driftar 5 vaskeri ved institusjonar, og alt reinhaldsareal ved dei forskjellige bygga kommunen disponerar. I tillegg bistår vi ved ned- og utvask av kommunale bustader.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til HMS arbeid ved avdelinga
- Knytt til dagleg planlegging og oppfølging av drift og vedlikehaldsoppgåver
- Operativ styring av tildelte oppgåvene i kvardagen
- Bidra til at drifta skjer i tråd med gjeldande rutinar
- Sikre at nytilsette og vikarar får opplæring
- Delta i utviklingsarbeid for avdelinga
- Melde behov for kompetanseheving
- Melde behov for utstyr , hjelpemidlar og inventar
- Melde behov for forbruksmateriell
- Bidra til kvalitetssikring, kontinuitet og god flyt i tenesteytinga
Kvalifikasjonskrav
- Fagbrev som reinhaldsoperatør, alternativt dokumentert pågående utdanning innan fagområdet eller erfaring frå profesjonelt reinhald
- Relevant erfaring innan leiing, gjerne frå reinhaldsfaget eller anna operativ verksemd
- Erfaring med personaloppfølging og koordinering av dagleg drift
- Grunnleggende IT-kompetanse
- Førerkort B
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Kven er du?
- Du er fleksibel, påliteleg og effektiv
- Har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skapa tillit over tid
- Er trygg i deg sjølv, handterer krevjande situasjonar med ro og tydelegheit
- Har gode kommunikasjonsevner
- Du har gode norsk språkferdigheiter, både munnleg og skriftleg
- Du blir motivert av å yta service og skapa gode serviceopplevingar
- Du er sjølvstendig, men liker også å arbeida i team
- Du er lærevillig og positiv til nye utfordringar
- Du har eit godt humør som bidrar til et hyggjeleg arbeidsmiljø
Me tilbyr
- Oppfølging og rettleiing
- Erfarne kollegaer og eit trygt og godt arbeidsmiljø
- Gode forsikrings- og pensjonsordning i KLP
- Tilsetjing og løn i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet og organisasjonen. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommunePolitiattest
I tråd med opplæringsl § 10- 9 / barnehagel § 19 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
453b966b-5bda-4ad2-9d84-6acd2498f69d
- Sist endret
30. september 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10310968