Overlege/spesialist i psykiatri
Kronstad Distriktpsykiatriske Senter (DPS)/ Kronstad Seksjon for gruppebehandling, Helse Bergen HF
Fjøsangerveien 36, 5053 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Overlege/spesialist i psykiatri
- Type ansettelse
- Fast, deltid 50%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 18. oktober
Kronstad Distriktpsykiatriske Senter (DPS) har ansvar for 3 bydelar i Bergen,- Bergenhus, Årstad og Ytrebygda. Kronstad DPS er samlokalisert sentralt på Danmarksplass. Det er seksjon for gruppebehandling som nå søkjer overlege/spesialist.
Er du psykiater med interesse for personlegdomspsykiatri og gruppeterapi? Ønskjer du å vere ein del av eit sterkt terapeutisk og fagleg fellesskap?
Seksjon for gruppebehandling er ein spennande arbeidsplass med 17 høgt kvalifiserte medarbeidarar, mellom anna seks psykologspesialistar. Seksjonen har eit breitt og mangfaldig behandlingstilbod, og vi arbeider kontinuerleg for å tilby differensierte behandlingstilbod som møter behova til pasientane og klinikken.
Vi har no ledig ei 50% fast stilling som overlege/spesialist i psykiatri. Stillinga gir moglegheit til å vere med på å vidareutvikle eit sterkt fagmiljø og bli ein del av det veksande psykiaterfellesskapet ved Kronstad DPS.
Om seksjonen
Seksjonen tilbyr strukturerte polikliniske behandlingsprogram i gruppe med ei integrativ behandlingstilnærming. Alle gruppene blir leia av to terapeutar.
Vi tilbyr psykoterapeutiske gruppetilbod av varierande lengd for pasientar med samansette psykiske vanskar. Utgreiing av pasientar er òg ei sentral oppgåve i seksjonen. Pasientgruppa er samansett, med hovudvekt på personlegdomsforstyrringar, angstlidingar, depresjon og livskriser. Ved behov tilbyr vi individuell oppfølging som del av behandlingsforløpet. Seksjonen tilbyr mentaliseringsbasert behandling (MBT) for pasientar med emosjonelt ustabil personlegdomsforstyrring, og har i tillegg eigne behandlingsprogram for pasientar med engsteleg unnvikande personlegdomsproblematikk.
HIT-høgintensiv trening som terapi er også ein del av korttidstilbodet ved gruppeseksjonen
Kven søkjer vi?
Vi søkjer ein psykiater som kan ha medisinansvar i seksjonen. Det er ønskjeleg at den som blir tilsett, er allsidig og fleksibel i si tilnærming til behandling, og positiv til å delta i både gruppe- og individualterapi. Søkjaren sin kompetanse, erfaring og interesseområde vil kunne påverke innhaldet i stillinga. På sikt kan det òg vere aktuelt å etablere LIS-stilling i seksjonen.
Fagmiljø og utviklingsmoglegheiter
Seksjonen utgjer eit sentralt fagmiljø i Bergen innan personlegdomsretta og gruppeterapeutiske behandlingsmetodar. Vi deltek i forskingssamarbeid gjennom Nettverk for personlegdomsforstyrringar, eit nasjonalt nettverk for personlegdomsretta behandlingsprogram i Noreg.
Oppstart etter nærare avtale.
Arbeidsoppgåver
- Medisinskfagleg ansvar i seksjonen
- Utgreiing, vurdering og behandling av tilviste pasientar
- Vere behandlar både individuelt og i gruppe
- Indirekte spesialistansvar
- Deltaking i den faglege utviklinga av seksjonen
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjend, eller snart godkjend spesialist i vaksenpsykiatri
- Erfaring med pasientgruppa
- Kjennskap til gruppeterapi
- Kjennskap til mentaliseringsbasert terapi
- Forskningskompetanse og ønskje om å støtte opp om eksisterande forskingssamarbeid i nemnde forskingsnettverk vil telje positivt.
- Søkjar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Søkjar bør vere i stand til å ta i bruk nye metodar og ha ei open og nysgjerrig haldning til nye utfordringar
- Søkjar bør vere fleksibel, ha gode samarbeidsevner og vere løysingsorientert
- Personlege eigenskapar blir lagt vekt på
Vi tilbyr
- Arbeid i høgt kvalifisert fagmiljø med psykologspesialistar, psykolog, psykiatriske sjukepleiarar, spesialiserte fysioterapeutar og ergoterapeutar, sosionom, erfaringskonsulent, IPS konsulent m.m.
- Vi har tverrfagleg teamarbeid som i praksis fungerer svært bra
- Eit miljø med høg kompetanse innan gruppereapeutiske behandlingsmetodar
- Engasjerte medarbeiarar
- Eit godt arbeidsmiljø og utfordarande arbeidsoppgåver i ein spesiell og spennande seksjon
- Opplæring blir gitt etter behov
Kontaktinformasjon
Eirik Hjermann, Psykologspesialist, 55956132Lars Onsrud, Klinikkoverlege, 91728580
Arbeidsstad
Fjøsangerveien 365053 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5189467425
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 18.10.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Lars Onsrud
Klinikkoverlege
91728580
Eirik Hjermann
Psykologspesialist
55956132
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4534649d-272a-405b-9f7a-8149452b59c0
- Sist endret
5. oktober 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
67b1ed8c331a4a189091987b9058b7e1