Hopp til innhold

Psykologspesialist/psykolog

Arbeidsgiver

Rus- og avhengigheitsklinikken/ Poliklinikk Bergen og Bjørgvin fengsel, Helse Bergen HF

Sted

Steinestøvegen 401, 5109 Hylkje

Om jobben

Stillingstittel
Psykologspesialist/psykolog
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 6. desember

Vil du vere med å vidareutvikle TSB-poliklinikken i Bergen og Bjørgvin fengsel?

Vi søker ein engasjert psykologspesialist/psykolog som ønsker ein variert og fagleg utfordrande arbeidskvardag, og som vil bidra til å skape eit godt og tilpassa behandlingstilbod for innsette.

I samarbeid med Kriminalomsorga har vi etablert ein TSB-poliklinikk som tilbyr utgreiing og behandling til innsette med rus- og avhengigheitsutfordringar. Poliklinikken har arbeidsstad i både Bergen fengsel og Bjørgvin fengsel.

Hos oss vil du møte ei pasientgruppe med samansette utfordringar, der ruslidingar og psykiske helseutfordringar ofte heng tett saman. Arbeidet gir rom for varierte kliniske problemstillingar, tverrfagleg samarbeid og faglege vurderingar i ein behandlingskontekst som skil seg frå ein ordinær poliklinikk.

Vi ønsker å nytte fengselsopphaldet som ein arena for endring og behandling, og bidra til gode og samanhengande pasientforløp gjennom samarbeid med kommune- og spesialisthelsetenesta, også etter lauslating.

Rus- og avhengigheitsklinikken har ca. 600 medarbeidarar og består av Seksjon LAR, to ruspoliklinikkar, ein ambulant seksjon og fleire døgnseksjonar, både innan akutt- og planlagd behandling. Klinikken er i ei spennande utvikling, mellom anna knytt til aukande differensiering av tenester for avhengigheitslidingar og fagleg integrasjon med psykisk helsevern. Forskingseksjonen i Rus- og avhengigheitsklinikken har fleire spennande forskingsprosjekt i LAR og deltar blant anna i den nasjonale følgeforskinga på HAB og forsking på substitusjon med amfetamin.

TSB-poliklinikk Bergen og Bjørgvin fengsel er ein eigen seksjon, organisatorisk plassert under Seksjon LAR. LAR har 120 tilsette og er fordelt på fem poliklinikkar i ulike bydelar, samt HAB. Seksjonane er tverrfagleg samansette med psykologar, legar, sjukepleiarar, vernepleiarar og sosionomar.

Poliklinikken består av seksjonsleiar, psykologspesialist, sjukepleiarar/vernepleiarar og lege. Vi er eit lite, tverrfagleg team som samarbeider tett om pasientbehandlinga og utviklinga av tilbodet. Som psykolog hos oss vil du få moglegheit til å påverke både det faglege innhaldet og korleis vi organiserer arbeidet vidare.

Det blir lagt til rette for fagleg utvikling og rettleiing saman med psykologar ved dei andre LAR-poliklinikkane. Vi har også eit nært samarbeid med Kriminalomsorga, sosialkonsulentane og helseavdelingane i fengsla og Seksjon for fengselspsykiatri.


Arbeidsoppgåver

  • Kartlegging, utgreiing og behandling av pasientar med avhengigheit og samtidige psykiske helseutfordringar
  • Individuell behandling og gruppebehandling
  • Samarbeid om behandlingsplanar og oppfølging av pasientar
  • Individuelle samtalar og fagleg samarbeid knytt til Stifinnaren i Bjørgvin fengsel
  • Bidra til fagleg utvikling og vidareutvikling av behandlingstilbodet
  • Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • Rettleiing til medarbeidarar og eksterne samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent psykolog, gjerne med godkjent relevant spesialitet
  • Erfaring med arbeid innan rusbehandling og/eller psykisk helsevern
  • Norsk autorisasjon
  • Må legge fram merknadsfri vandelsattest
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare. Dokumentasjon må leggast ved søknad 

Personlege eigenskapar

  • Engasjement og interesse for fagfeltet
  • Gode kommunikasjonsevner og evne til open og konstruktiv dialog
  • Gode samarbeidsevner og trivst med å arbeide saman med ulike profesjonar
  • Evne til å arbeide både sjølvstendig og i tverrfaglege team
  • Fleksibel og løysingsorientert i ein arbeidskvardag som kan vere uforutsigbar
  • Trivst med å arbeide i ei teneste under utvikling, der ikkje alle rammer er ferdig definerte
  • Bidrar positivt til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skape tillit

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons og forsikringsordninger
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personlig utvikling
  • Ein arbeidsplass som er inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA bedrift)
  • Vidareutdanning og rettleiing

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Natalia Yoshihara Berge, Seksjonsleiar, 93005828

Arbeidsstad

Steinestøvegen 401
5109 Hylkje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5211065627
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.12.2026

Kontaktperson for stillingen

Natalia Yoshihara Berge

Seksjonsleiar

93005828

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b0c5192f-c215-4ca2-aebf-11ed27cfb4e0

Sist endret

18. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

24cb63b573ce45caa765298bf0bf09f4

Lignende annonser

Laster lignende annonser