Koordinator for skulemiljøteam - prosjektstilling
Sula kommune
Bratthaugmyra 43, 6030 Langevåg
Om jobben
Stillingstittel
Koordinator for skulemiljøteam - prosjektstilling
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. august
Vi søkjer ein framoverlent, engasjert og erfaren koordinator til ei spennande prosjektstilling som skal bidra til å opprette skulemiljøteam i Sulaskulen. Du får vere med å utvikle og styrke det førebyggjande arbeidet i skulane i Sula kommune. Stillinga er del av eit treårig prosjekt finansiert gjennom statlege tilskotsmidlar. Sula kommune har stort fokus på tiltak og prosjekt som skal sikre tidleg innsats og inkluderande praksis. Vi arbeider systematisk med tverrfagleg samarbeid, mellom anna gjennom samhandlingsmodellen BTI – betre tverrfagleg innsats. Vi ser etter deg som brenn for at alle elevar skal oppleve ein trygg og god skulekvardag, og som har erfaring med skulemiljøarbeid – gjerne frå leiande rolle.
Om stillinga
Du vil ha base ved Langevåg skule, og gjennom oppretting av skulemiljøteam skal du arbeide systemretta både på individ- gruppe- og organisasjonsnivå inn mot alle dei fire kommunale skulane.
Arbeidsoppgåver
- Koordinere og leie nyoppretta tverrfagleg skulemiljøteam i Sulaskulen
- Vidareutvikle og halde ved like kommunen sine system og rutinar for skulemiljøarbeid
- Bidra i krevjande saker knytt til elevar og grupper
- Observere og rettleie i klasse- og gruppedynamikk
- Støtte elevar og tilsette i skulemiljøsaker
- Arbeide systemretta på individ-, gruppe- og organisasjonsnivå
- Samarbeide tett med skuleleiarar, lærarar og andre faginstansar
- Bidra til kompetanseheving og delta på foreldremøte
- inntil 25% av stillinga er undervisning
Kvalifikasjonar
- Godkjent lærarutdanning for grunnskulen eller anna relevant høgare utdanning
- Erfaring med klasseleiing, og minst 5 år som kontaktlærar
- Ønskjeleg med tilleggsutdanning innan psykososialt arbeid, relasjonsarbeid eller konfliktløysing
- Brei erfaring frå arbeid med skulemiljø
- Kompetanse på opplæringslova § 12 og vurderingar av barnets beste
Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- Har gode evner til å arbeide sjølvstendig og systematisk- Har sterk relasjonskompetanse og god forståing for pedagogisk analysearbeid
- Er trygg i møte med elevar, føresette og kollegaer
- Er fleksibel, løysingsorientert og god til å motivere andre
- Har gode munnlege og skriftlege ferdigheiter
Vi tilbyr
- Ei meiningsfull rolle der du får bidra til å styrke oppvekstmiljøet for barn og unge- Moglegheit til å vidareutvikle tenestetilbodet i kommunen
- Eit fagleg sterkt og engasjert arbeidsmiljø
- Tverrfagleg samarbeid og fagleg utvikling
- Lønn etter tariff (HTA)
Kontaktinformasjon
Ole Martin Tonheim, Rektor, 40008352, ole.martin.tonheim@sula.kommune.noRagnhild Hanken Skjong, Kommunalsjef, 99738686, ragnhild.hanken.skjong@sula.kommune.no
Arbeidsstad
Bratthaugmyra 436030 Langevåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sula kommuneReferansenr.: 4990934329
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 03.08.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Sula kommune er opptatt av å utvikle og forbetre tenestene saman med innbyggerane og næringslivet, slik vi kan vere ei trygg og framtidsretta kommune.
Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9700 innbyggjarar, der omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Sula er ein av dei minste og mest folketette kommunane i fylket.
Kommunen er vekstkommune med stor aktivitet, rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv. Veksten har ført til auke av butikk-, kafe- og næringsverksemder. Det tek 7 minutt med båt over til Ålesund sentrum. Kommunesenteret og Sula rådhus ligg i Langevåg.
Kommunen praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Det betyr at ein som søkar må grunngje kvifor ein eventuelt ber om unntatt offentlegheit. Grunngjevinga vert vurdert opp mot reglane i Offentlegheitslova. Søkarar som ber om unntatt offenentlegheit vil verte kontakta.
Meir informasjon om Sula kommune her
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
44e4a059-fe4d-4660-8275-6484a8651e80
- Hentet fra
talentech
- Referanse
618285d0384c4362898f954c85f842fa