Pedagogisk leiar - 100% vikariat
Øyfjell oppvekstsenter, Vinje kommune
Kyrkjevegen 25, 3890 Vinje, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Pedagogisk leiar - 100% vikariat
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 20. mai
Øyfjell oppvekstsenter er organisatorisk sett ein kombinert barnehage og barneskule, som ligg i vakre Vinje kommune. Øyfjell er ei levande bygd med mykje aktivitet, der barnehage og skule er ein viktig del av lokalmiljøet. Både barnehage og skule har nærleik til flott natur, og brukar nærområdet mykje til aktivitetar og turar. Me har store og fine uteområde til leik og læringsaktivtetar, og har mellom anna skulehage, ljosløype, ballbinge, gapahuk og grillhytte.
Me er omlag 20 barn i barnehagen og 42 elevar i skulen. Me ynskjer oss tilsette som er tydelege, inkluderande, engasjerte og som har hjarte for arbeid med barn og unge. Me legg stor vekt på trygt og inkluderande læringsmiljø, der både barn og tilsette kan trivast og utvikle seg.
Har du lyst til å vere med å utvikle arbeidet ved Øyfjell oppvekstsenter, vil me gjerne ha deg med på laget vårt i barnehagen.
Velkomen som søkjar!
Arbeidsoppgåver
- Medansvar for det pedagogiske arbeidet på avdeling.
- Skape eit trygt, godt og inkluderande miljø for barna.
- Bidra til lærande fellesskap i barnehagen.
- Bidra til godt samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar.
- Medansvar for å skape eit godt arbeids- og samarbeidsmiljø.
- Bidra til at barnehagen har eit godt omdømme.
Kvalifikasjonar
- Godkjend barnehagelærarutdanning, eller anna relevant høgskuleutdanning.
- Anna relevant pedagogisk utdanning.
- Gode ferdigheiter i norsk, både skriftleg og munnleg (minimum B2).
Personlege eigenskapar
- Du er ein trygg, raus og tydeleg pedagog.
- Du har evne til å skape gode relasjonar til barn og vaksne.
- Du er engasjert og tek initiativ.
- Du er fleksibel og finn løysingar.
- Du kommuniserer godt med kollegaer, barn, føresette og andre samarbeidspartar.
- Du må vera glad i aktivitet, både inne og ute.
- Du må trivast i ein hektisk kvardag.
- Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Eit godt fagleg miljø med fokus på kvalitet.
- Varierte og spennande utfordringar.
- Ein arbeidsplass prega av humor og glede.
- God forsikrings- og pensjonsordning.
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar.
- Utanlandske søkjarar må ha generell godkjenning frå NOKUT og UDIR for å få jobb.
- Ved ny tilsetjing blir det stilt krav om politiattest, jf. opplæringslova §10-9. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månadar og skal ikkje leverast med søknaden.
Kontaktinformasjon
Unni Kristensen, Ass. verksemdsleiar, 97176385, unni.kristensen@vinje.kommune.noMaria Bruleite Bjåen, Konstituert verksemdsleiar, 91719899, maria.bjaaen@vinje.kommune.no
Arbeidsstad
Kyrkjevegen 253890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 4964332335
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 14.08.2026
Søknadsfrist: 20.05.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2934077
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9c3e203738ce4da2950f7ee8ce2acd5f