Assistent i pleie
Hjarteavdelinga, Hjarte post 1s/2v og post 4, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Assistent i pleie
Oppstart
1. mai 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 15%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
7
Søk på jobben
Søk senest torsdag 17. april
Hjarte post 1s/2v og Hjarte post 4 søker etter assistent i pleie til 15% helgestillingar med arbeid kvar 3-helg. Oppstartsdato etter avtale.
Om Hjarte Post 1s/2v
Hjarte 1s/2v er ein stor hjartemedisinsk sengepost med 42 senger og stor turnover med pasientar. Vi har øyeblikkelig hjelp og elektiv verksemd. Diagnosar vi har er hjarteinfarkt, hjartesvikt, hjarterytmeforstyrringar m.m. Avdelinga er inndelt i grupper der pleieassistent vil jobbe i team med andre. Det er tett samarbeid med sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, legar og sekretærar.
Arbeidsmiljøet vårt er veldig godt, og vi er ein samansveisa gjeng som støtter kvarandre og gjer det kjekt å vere på jobb. Vi har ein hektisk kvardag med mykje som skjer - og ingen dagar er like. Arbeidsoppgåvene er spennande og varierte, og vi har eit godt samarbeid mellom de ulike yrkesgruppene her. Posten samarbeider tett med MIO, Hjarte 4 og Hjarteintervensjon. Vi har også eit tett samarbeid med Akuttmottak, Korttidsposten og UMO.
Om Hjarte Post 4
Hjarte post 4 er ein thorax-kirurgisk sengepost med 28 senger. Pasientane er elektive og øyeblikkeleg hjelp innan hjarte- og lungekirurgi, thoraxtraume og invasiv behandling. Posten har også eigen overvakingseining -THOE. Vi har eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø med mange spennande arbeidsoppgåver.
Vi søker etter sjukepleiarstudentar med interesse for og gjerne med kunnskap og erfaring innan thoraxkirurgi og invasiv kardiologi. Vi kan tilby 15-20% stilling inkludert dagvakt-aftenvakt- nattevakter kvar 3.helg.
Arbeidsoppgåver
- Pleie og omsorg til pasientar
- Klargjering av pasientar til ulike prosedyrar
- Delta i tverrfagleg samarbeid om å gi pasientar og pårørande eit best mogleg opphald på avdelinga
- Klargjering og servering av måltid
- Observasjonar og målinga
Kvalifikasjonar
- Relevant sjukehuserfaring er ein fordel, men inga krav
- Gode samarbeidsevner
- Meistre norsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Fagleg interesse og engasjement
- Må trivast med å jobbe sjølvstendig og i samarbeid med andre
- Vere fleksibel og kunne arbeide i eit hektisk miljø
- Kommuniserer godt med kollegaer, pasientar og pårørande
- Serviceinnstilt og imøtekommande
- Arbeidssam og lærevillig
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Opplæringsvakter blir tilbudt før oppstart
- Ein spennande arbeidsplass
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Beate Solheim Hansen, Seksjonsleiar Hjarte 1/2, 55972202Wenche Håvik, Ass.seksjonsleiar Hjarte 4, 55970541
Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4948402229
Stillingsprosent: 15%
Fast
Startdato: 01.05.2025
Søknadsfrist: 17.04.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Wenche Håvik
Ass.seksjonsleiar Hjarte 4
55970541
Beate Solheim Hansen
Seksjonsleiar Hjarte 1/2
55972202
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2907523
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ac81d3ba901e4be5aa532b42a195eae5