Bunadmedarbeider
Levande tradisjoner krev levande hender….. Har du god kunnskap og eit brennande engasjement for norsk tradisjonshandtverk? Trives du i serviceyrket og kan føra gode dialogar med kundane? Er du kvalitetsbevisst og løysningsorientert? Då er det deg me leitar etter!
Krav til kompetanse
• Sveinebrev som bunadstilvirker, evt sveinebrev som herreskreddar og/eller kjole og draktsaum.
• Erfaring innan faget kan kompensera for manglande sveinebrev.
• God kunnskap om handsaum.
• Beherske norsk muntleg og skriftleg.
Personlege egenskaper
• Kunna yta god service, og ha kunden i fokus.
• Kvalitetsbevisst og nøyaktig.
• Ansvarsfull, lojal og strukturert.
• Fleksibel og løysningsorientert.
• Kunna arbeida sjølvstendig, men også i team.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Husflidstova SA er ei lita verksemd skipa av Nordhordland Husflidslag i 1985. I våre lokaler på Ikenberget produserer me bunader frå Nordhordland og Masfjorden til kvinner og menn. Me syr også Sognebunad og Hardangerbunad til dame. I tillegg utfører me omsaum av dei fleste bunader. Alle våre bunader vert produsert etter rettleiing frå lokal bunadsnemd og Norsk institutt for bunad og folkedrakt.