Vikar som miljøarbeidar / assistent (77–100 % stilling)
Grytastranda Montessoriskule
Grytestrandvegen 606, 6265 Vatne
Om jobben
Vi søkjer ein trygg og relasjonssterk vikar som miljøarbeidar/assistent i skulen. Stillinga er knytt til tett 1:1-oppfølging av ein elev på småskuletrinnet. Stillinga blir lyst ut i 77–100 %. Ved 100 % stilling omfattar arbeidet også SFO ettermiddag måndag–torsdag. Vikariatet gjeld frå 09.03-19.06.
- Stillingstittel
- Miljøarbeider i skolen
- Oppstart
- 9. mars 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100% og deltid 77% - 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 22. februar
Send søknad til
Hva vi ser etter
Vi ser etter deg som:
-
Er god på å bygge relasjonar og skape tillit
-
Er trygg, tydeleg og varm i vaksenrolla
-
Har god evne til konflikthandtering
-
Har humor og tolmod
-
Likar fysisk aktivitet og ein aktiv arbeidskvardag
-
Er fleksibel, løysingsorientert og tek initiativ
-
Trivst med både sjølvstendig arbeid og samarbeid med andre
-
Har erfaring frå arbeid med barn, skule, SFO eller liknande
-
Har naturleg autoritet og tryggleik i møte med barn som treng tydelege vaksne
-
Har førarkort klasse B
-
Er nysgjerrig og motivert for å lære nye ting
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Arbeidsoppgaver
-
Tett 1:1-oppfølging av ein elev gjennom skuledagen
-
Bidra til tryggleik, struktur og forutsigbarheit
-
Rettleiing og støtte i sosialt samspel og leik
-
Gjennomføre alternative aktivitetar ute og inne ved behov
-
Handtere utfordrande situasjonar på ein roleg, tydeleg og trygg måte
-
Samarbeide tett med lærarar, føresette og eventuelt støtteapparat
-
Bidra positivt til klasse- og skulemiljøet
-
Ved 100 % stilling: arbeid på SFO på ettermiddag (måndag-torsdag) og moglegheit for vikariat fram til 26. juni.
Vi tilbyr
-
Eit godt arbeidsmiljø prega av samarbeid, fleksibilitet og støtte
-
Eit inkluderande og engasjert kollegium
-
Ein variert og aktiv arbeidsdag
-
Rettleiing og samarbeid med fagpersonar ved behov
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Grytastranda Montessoriskule blei stifta i 2009 på Grytastranda i Haram kommune. Det er ein privat barneskule med 10 tilsette og 28 elevar fordelt i to alderblanda grupper. Skuledagen varer frå kl 08.30-15.00 (fredag til kl 13.45) og i tillegg har vi SFO.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
444d6be0-7d6e-4cd6-b884-c837c3a09cbc
- Sist endret
16. januar 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
444d6be0-7d6e-4cd6-b884-c837c3a09cbc
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Hildre Montessoriskule Sa
Sted
Hildre
Arbeidsgiver
Brattvåg barneskule, Haram kommune
Sted
Brattvåg
Arbeidsgiver
Lerstad skole, Ålesund kommune
Sted
Ålesund