Dans/teater - lærar
Tysnes kommune
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Dans/teater - lærar 25%
Type ansettelse
Vikariat, deltid 0%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. juni
Kultur er kult!
Tysnes kulturskule søkjer etter ein engasjert og dyktig teater-/danslærar til å bli ein del av vårt kreative team. Som lærar innan teater og dans vil du ha ei sentral rolle i å inspirera og rettleia elevane våre innan ulike dansestilar og teater, samt bidra til å skapa eit inkluderande og stimulerande miljø for læring og utfalding.
Tysnes kulturskule har omlag 85 elevplassar og 6 tilsette. Kulturskulen tilbyr undervisning i gitar, slagverk, piano, song, teater, dans og messinginstrument. I tillegg samarbeidar kulturskulen med fleire einingar i kommunen og leverer dirigenttenester til frivillige kor og korps. Me held til i nye og trivelege lokaler i Tysnes skule, der me har mesteparten av undervisninga vår. Noko av undervisninga kan føregå på andre skular og bygg.
Målsettinga til Tysnes kulturskule, er at me skal vera eit synleg, lokalt ressurssenter for musikk og kulturfagleg arbeid. Kulturskulen skal gje eit frivillig, meiningsfullt og vedvarande opplæringstilbod innan ulike kulturfag, og gje elevane høve til å oppleva meistring gjennom uttrykk og formidling ut frå den einskilde sine føresetnader.
Tysnes kulturskule legg til rette for tverrfagleg samarbeid og samhandling, og er ein aktiv bidragsytar til eit rikt og variert kulturliv i kommunen.
Stillinga er ledig frå 01.08.2025. Stillinga kan bli utvida dersom elevtalet aukar.
Arbeidsoppgåver
- Planlegga og gjennomføra tilpassa undervisning for elevar i ulike aldersgrupper og nivå
- Undervisa i ulike dansestilar og /eller teater.
- Utvikla undervisningsopplegg og koreografier som utfordrar og inspirerar elevane
- Bidra til forestillingar, førestillingsproduksjonar og andre arrangement ved kulturskulen
- Samarbeida tett med kollegaer og leiing for å sikra høg kvalitet på undervisninga og eit godt læringsmiljø
- Kvelds- og helgearbeid må påreknast.
Kompetansekrav
Du må ha:
- Erfaring med undervisning i dans og/eller teater
- Evne til å utarbeida og tilpassa eit undervisningsopplegg for målgruppa
- Relevant pedagogisk undervisnings-/produksjonserfaring.
- Kompetanse til å inkludera elevar gjennom tilpassa undervisning.
- Norsk språknivå tilsvarande B1 (gjeld dersom anna morsmål enn skandinavisk).
Prøveundervisning kan bli aktuelt før tilsetting.
Det er ønskjeleg at du har:
- Høgare kunstfagleg utdanning eller faglærarutdanning innan dans/teater.
- Praktisk pedagogisk utdanning eller anna relevant pedagogisk utdanning.
- Førarkort kl.b og høve til å disponera eigen bil.
Til stillinga er det krav om framlagt politiattest etter Opplæringslova § 17-11 før tilsetting. Tysnes kommune pliktar og å undersøka om den som blir tilsett oppfyller kriteria for tuberkulosekontroll og MRSA.
Personlege eigenskapar
Me søkjer etter deg som
- er glad i å undervisa barn.
- har evna til å formidla danse- og bevegelsesglede eller teater.
- evnar å la elevane få utfalda seg slik at dei opplev meistring og glede.
- er trygg i rolla og samstundes skapar eit trygt læringsmiljø.
- er påliteleg, fleksibel og sjølvstendig.
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Kvifor du skal jobba hos oss
Hos oss vil du få faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Tilsetjing hos oss gjev deg medlemskap i KLP- kommunenes landspensjonskasse. Det betyr blant anna at du får ein av dei beste pensjonsordningane i Noreg, samt høve til å søkja om bustadlån med gunstige vilkår.
Du blir tilsett i rett stillingskode ut frå kompetanse, med lønsplassering kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Løna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar.
Synes du dette verkar som ei spanande stilling eller det er noko du lurar på etter å ha lest annonsa? Ta gjerne kontakt med oss som står oppført som kontaktpersonar i annonsa.
Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegla mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsnedsetjing og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å legga til rette for inkluderande rekruttering.
Søknadsprosess
Me ber om at søkjarar nyttar vårt elektroniske søknadsskjema og fyller ut søknaden så fullstendig som mogleg, samt legg ved attestar og vitnemål.
Offentleg søkjarliste:
Tysnes kommune praktiserar prinsippet om meiroffentligheit. Offentleg søkjarliste vil normalt innehalda namn på samtlege søkjarar. Det må føreligga tungtveiende grunnar for å få innvilga unntak, jamfør Offentleglova §25.
Politiattest:
Gyldig politiattest må fram før tiltreding for stillingar der det er påkrevd iht. lovverk.
Vedlegg:
Attester, vitnemål og vedlegg må legges ved søknaden. Me oppmodar til å bruka Vitnemålsportalen. Utdanning utført utanfor Norge må vere godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (eller NOKUT), og godkjenninga må dokumenteras.
Om bedriften
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 3000 godlyndte innbyggjarar i Tysnes.
Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjesamband mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er opptekne av å skapa gode arbeidsplassar og gjera Tysnes til ein god stad å bu.
Sektor
Offentlig
Nettsted