Mekanikarar / diagnoseteknikarar
Berge & Co
6800 Førde
Om jobben
Stillingstittel
Mekanikarar / diagnoseteknikarar
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Antall stillinger
1
Jobb i Førde, lev livet i heile regionen
Mekanikarar / diagnoseteknikarar
Førde blir gjerne kalla bilbyen, med sine ni nybilforhandlarar. Førde har også eit breitt spekter av statlege og private arbeidsplassar, som gjer det attraktivt å busetje seg her eller i ein annan del av Sunnfjord kommune. Frå Førde er det også kort veg til fjord, fjell og brear for den friluftsinteresserte, og tilbodet er godt også for den kulturinteresserte, i form av teater, konsertar og arrangement. Barnehage- og utdanningstilbod er stort, og det same kan seiast om utvalet av butikkar, der du vil finne det meste av det du treng. Summen av dette gjer Førde til ein attraktiv stad å bu og arbeide.
Berge & Co er forhandlar av Volkswagen personbilar og nyttekøyretøy, Audi og Skoda. Dette er produkt i verdsklasse, men også våre bilar treng service, vedlikehald og reparasjonar. Derfor søkjer vi no etter positive, engasjerte og imøtekomande personar som vil jobbe hos oss som mekanikarar og diagnoseteknikarar ved anlegget vårt i Førde. Her vil du få jobbe med kunnskapsrike og trivelege kollegaer i eit godt arbeidsmiljø.
VAG-konsernet viser veg når det gjeld innovasjon og teknologi, og er langt framme i utviklinga av framtidas framkomstmiddel. Som tilsett hos Berge & Co får du høve til å utvikle deg vidare på den reisa gjennom Harald A. Møller kompetansesenter, ein av dei beste skulane i landet, med tanke på opplæring og karrieremoglegheiter innan faget.
Typiske arbeidsoppgåver vil vere:- Service og vedlikehald
- Diagnose og feilsøking
- Reparasjonar og mekanisk arbeid
- PKK
- Montering av ekstrautstyr
- Høve til å jobbe med nokre av verdas mest kjende merkevarer
- Gode utviklingsmoglegheiter, på ny og spennande teknologi
- Eit godt og trygt arbeidsmiljø
- Ei løn som er konkurransedyktig
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Om bedriften
BERGE & CO er med sine seks anlegg den største bilforhandlaren i vår region. Sidan 1954 har vi hatt fokus på å selje dei beste bilane, og det har vi framleis. Vi har anlegg i Førde, Sogndal, Stryn, Florø, Måløy og Ørsta. Vi driv med sal og service av Volkswagen, Volkswagen nyttekøyretøy, Audi og Skoda, samt brukte bilar. Årleg sel vi ca 1800 bilar, og omset for rundt 700 mill. kroner. Om lag 125 tilsette har sitt daglege virke i Berge & Co. I juli 2022 vart verksemda selt, og vi er no ein del av Frydenbø Group.
Sektor
Privat