ID 2114 Helgestillingar - Stord sjukeheim
Stord kommune
Stord
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar, hjelpepleiar, assistent
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 20%
Arbeidstid
Turnus, kveld og dagtid, alle dager
Antall stillinger
5
Stord sjukeheim har 117 plassar fordelt på 6 avdelingar.
Me har no ledige helgestillingar i fleire avdelingar.Som tilsett ved Stord sjukeheim vil du vere ein del av ei større tilsettgruppe med ulike fagområder.
Me er og no i prosessar med oppgåvedeling der me ser på ulike ansvarsområder og oppgåver som skal liggja til dei ulike faginstansane. Stord kommune er ein TØRN kommune der me saman med Knutsaåsen omsorgsenter skal aktivt jobbe med å finne gode løysingar for framtidas helsetenester.
Du vil få ta del i:- Samhandling og tverrfagleg samarbeid
- Palliativ og lindrande behandling i livets sluttfase.
- God demensomsorg
- Kunne delta i fagdagar med ulike eksterne og interne førelesarar.
- Vere med i ei aktiv faggruppe som driv avdelinga framover saman med andre faginstansar.
- Personlege eigenskapar i samhandling og kommunikasjon.
- Brukarorientert tilnærming
- Evne til å vera nyskapande i arbeidet
- Du må vera over 18 år, ansvarsbevisst og lojal.
- Du må ha stor interesse for å jobbe med menneske.
- Det er stor fordel om du har erfaring frå helsefagleg utdanning på vidaregåande eller høgskulenivå.
- Elevar og studentar innan helsefag vert sterkt oppmoda til å søkja.
- Politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, må framleggas ved oppstart.
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål: Einingsleiar Britt Nelly Hystad Barane 53454510 / 92486358
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2488236
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
43b75d36-0597-470c-b327-450c034b36f9