Sjukepleiar
Barne- og ungdomsavdelinga, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 29. mai
Barne- og ungdomsavdelinga har ledig fast kombistilling som sjukepleiar på poliklinikk/sengepost 50/50. Oppstart: snarast
Dersom intern søker frå sengepost får stillinga, vil det bli ledig stilling i BUA sengepost.Poliklinikken tilbyr medisinsk utgreiing og oppfølging av barn og ungdom mellom 0-18 år. Dei mest vanlege sjukdommane vi behandlar er innan Astma/allergi, diabetes/endokrinologi, mage-tarm, hjarte, nevrologi, nyre og urinvegar, revmatologi, infeksjonar og nyfødtmedisin.
I sengeposten behandlar vi barn i alderen 0-18 år med ein spennande variasjon av mange ulike diagnosar; ulike medisinske-, kirurgiske og ortopediske diagnosar, samt premature og sjuke nyfødde
Med ein kombistilling mellom poliklinikken og sengepost, får ein moglegheit til å opparbeid seg brei erfaring og kompetanse frå barnemedisin samtidig som du får fordjupe deg i spesifikke fagfelt. Saman med faglegane vil du få moglegheit til å vere med å utvikle og påvirke fagfeltet samt oppfølgingen av pasientane.
Dersom det blir internt opprykk, blir det ledig stilling i sengeposten.
Arbeidsoppgåver
- Variert og sjølvstendig arbeid knytt til generell drift på poliklinikken med moglegheit for fagleg fordjupning innan astma/allergi samt andre fagområder
- Sjukepleiar på poliklinikken utfører sjølvstendige arbeidsoppgåver som ulike testar innan astma og allergi t.d. spirometri, NO-måling, tredemølletest, allergitesting, allergen immunterapi og provokasjonstestar innen matvarer og medikament. Vi utførere også andre testar som lactosetest og Ph-måling. Sjukepleiarane utfører i tillegg opplæring og undervisning til ulike pasientgrupper, dette kan være i forhold til diagnose, medisinsk teknisk utstyr og medikament adm.
- Sjukepleiar tek også imot alle pasientane og klargjer dei før legekonsultasjonane. Dette omfattar bl.a EKG, BT, vekt og lengde. Pasientane skal klargjerast til ulike undersøkingar.
- Vi arbeider også med oppgåveglidning frå lege til sjukepleiar, som medfører at sjukepleiarane har eigne konsultasjonar (kontrollar)
- Stillinga blir delt mellom poliklinikk/sengepost hhv. 50/50.
- Stillinga på sengepost medfører 3-delt turnus og arbeid kvar 3.helg, og utløyser 35,5 t/v,
- Arbeidsoppgåvene i sengeposten vil vere pleie og behandle sjuke barn og ungdommar, samt omsorg for pårørande.
- Det er ein del poliklinisk aktivitet i sengeposten. All infusjonsbehandling foregår nå inntil videre i Liva før poliklinikken flytter opp.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Erfaring frå Barne og ungdomsavdelinga.
- Interesse, eventuelt utdanning innenfor astma og allergi er ein fordel.
- Må beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Bidra positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
- Gode kommunikasjonsevner
- Evne til systematisk arbeid
- Likar å jobbe med barn og foresatte
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Varierte og spennande oppgåver
- Lønn i samsvar med gjeldane overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling
- Deltaking i fagleg nettverk
- Moglegheit for videreutdanning
- Gode turnusplanar for arbeid i sengepost og poliklinikk
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Cathrine Ullebø, Seksjonsleiar poliklinikk barn og unge, (+47) 578 31 310Jorunn Sollid, Seksjonsleiar, sengepost, (+47) 992 93 641
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4948528446
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.05.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Jorunn Sollid
Seksjonsleiar, sengepost
(+47) 992 93 641
Cathrine Ullebø
Seksjonsleiar poliklinikk barn og unge
(+47) 578 31 310
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2942442
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d959959b71274eba97a25d3d438c7e4a