Lærar
Vatne barneskule, Haram kommune
Gjerdebakken 55, 6265 Vatne, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar
Oppstart
1. januar 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 10. desember
Vi har ledig eit vikariat som lærar i 100 % stilling ved skulen vår. Stillinga er ledig frå 01.01.25. - 31.07.25.
Skulen er ein dysleksivennleg skule med omlag 100 elevar fordelt på 1.kl - 7.kl. Frå 01.08.25 flytter vi til til nye Eidet skule.
Er du nysgjerrig, engasjert, samarbeidsvillig og interessert i teknologi ? Likar du utforskande læringsmetoder og vil du vere med å utvikle framtidsskulen i lag med kollegiet på Vatne barneskule - då kan dette vere lærarjobben for nettopp deg.
I kommunalområde barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som kan skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med på vårt team og vere med å forme framtida.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune, der gode og heilskaplege tenester er i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tensteområda våre, slik at vi saman kanskape robuste tilbod for innbyggarar og næringsliv.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning på barnetrinnet, med kontaktlærar ansvar.
- Undervisning i forhold til individuelt tilrettelagt opplæring.
- Fagleg og sosial oppfølging av elevar.
- Samarbeide med tilsette på skulen, føresette og faginstansar.
Kvalifikasjonar
- Grunnskulelærarutdanning 1- 7, 5 - 10.
- Ønskjeleg med minimum 30 studiepoeng i norsk og matematikk.
- Særleg kompetanse innan: kunst og handverk, religion og kroppsøving.
- Erfaring frå undervisning på barnetrinnet.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i intervju og ved referanse.
Personlege eigenskapar
- God til å tenkje heilskapeleg rundt barna sitt oppvekstmiljø.
- Ein klar, robust og tydeleg klasseleiar.
- Utviklings- og løysingsorienter.
- Omgjengeleg, initiativrik og fleksibel.
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
- Fremje eit godt skule - heim samarbeid.
Vi tilbyr
- Eit positivt, inkluderande og utviklingsorientert kollegafellesskap.
- Løn etter kvalifikasjonar og gjeldande regulatai.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i tråd med tariffavtale.
Kontaktinformasjon
Ranveig V Vedeld, Verksemdsleiar/Rektor, 91891803, Ranveig.Velle.Vedeld@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Gjerdebakken 55
6265 Vatne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 4889450039
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.01.2025
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 10.12.2024
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund
Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2801826
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4b72ad81288a4a7a8990d4324b661a7e