Me treng fleire engasjerte kollegaer med på laget, er det deg?
Hjelmeland kommune Helse
Prestagarden 13, 4130 Hjelmeland, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar 80 % fast stilling (kombinasjon legekontor og Hjelmeland omsorgssenter)
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 31. august
Kjekk stilling som sjukepleiar i 50 % stilling ved Hjelmeland legekontor og 30 % turnus kvar 4. helg og ein dag pr. veke ved Hjelmeland omsorgssenter.
Legekontoret består av tre fastlegar, Lis1 lege, sjukepleierar og kontormedarbeidarar. Hjelmeland legekontor ligg i Helsehuset. Kontoret er og daglegevakt. Det er eit tverrfagleg og triveleg arbeidsmiljø med kjekke kollegaer og eit godt fagmiljø ved Helsehuset.
Omsorgssenteret består av korttidsavdeling med 10 plassar og heimetenesten. Korttidsavdelinga har stort mangfald i pasientgruppa, komplekse og spennande utfordringar med fokus på tverrfagleg samarbeid. Heimetenesta betener 26 omsorgsbustader og heimebuande. Senteret ligg sentralt på Hjelmeland med flott natur og fine turområder rundt.
Arbeidsoppgåver ved legekontoret
- laboratoriearbeid
- gi faglige råd og vurdere øyeblikkelig hjelp både i telefon og ved kontoret
- ulikt administrativt ansvar
- resepsjon, timebok og telefonbetjening
- bistå lege ved småkirurgiske prosedyrer
- bistå lege ved legevaktsutrykkning på dagtid
Arbeidsoppgåver ved HOS
- delta i stell, pleie og daglege gjeremål
- observasjonar og dokumentasjonsarbeid
- sjukepleieprosedyrar, handtere medisinsk teknisk utstyr og prøvetakingar
- ta vare på brukarane sine individuelle behov
Kvalifikasjonar
- har helsefagleg utdanning - sjukepleiar med norsk autorisasjon
- må ha relevant praksis frå legekontor og akuttmedisinsk arbeid
- ønskelig med akuttmedisinsk kurs for legevaktspersonell
- ønskelig med relevant praksis og kjennskap til infodoc
- språkkrav minimum B2 nivå
- førarkort klasse B
Me søkjer etter ein person som
- bidrar aktivt til eit godt miljø
- kan arbeide både sjølvstendig og i samarbeid med andre i eit tverrfaglig team
- har fokus på dokumentasjon og god kjennskap til data/fagsystem som dokumentasjonsverktøy
- er positiv og motivert
- er fleksibel og løysningsorientert
- er nøyaktig og ikkje redd for å ta i eit tak
Me tilbyr
- godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver
- løn etter gjeldande avtaleverk og lokale avtaler
- sjukepleiar som er nyutdanna eller har mindre enn 10 år ansiennitet får lønn tilsvarer 10 års ansiennitet.
- gratis barnehage
- pensjon- og forskringsordningar etter tariffavtale
- god seniorpolitikk
- bedriftskunstforeining
- moglegheit for overnatting i leilegheit
- eit godt og variert kulturtilbod
Rekrutteringstiltak i Hjelmeland kommune
- redusert husleige
- etableringspakke
- mogelegheit for fagutvikling og kompetanseheving med stipendordningar
For meir informasjon om dette, sjå kommunen si heimeside .
Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsnedsetting, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.
Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søker på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål, me ønskjer likevel at du tek dei med til eit eventuelt intervju.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
437f5205-cf62-4e34-b49c-59205c0ce643
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3528503_205389_nn