Dagleg leiar Ressurssenter for demensramma
Kinn kommune
Gate 1 64, 6700 Måløy, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Dagleg leiar Ressurssenter for demensramma
Oppstart
20. august 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 26. juni
Måløy Heimeteneste og dagsenter har frå 20.8.2025 ledig eit vikariat som dagleg leiar ved Ressurssenter for demensramma. Stillinga er ledig fram til februar 2027.
Ressurssenteret er lokalisert i Vågsøy Omsorgssenter og er Måløy-delen av Kinn kommune sitt dagtilbod for heimebuande personar med demenssjukdom. Tiltaket har som målsetnad å bidra til ein inkluderande og meiningsfull kvardag for den enkelte, samt å gje naudsynt avlastning for pårørande. Ein legg vekt på å styrke både fysiske og kognitive ressursar hos den enkelte brukar for å auke moglegheita for å bu lengst mogleg i eigen heim.
Det vert heile tida arbeidd for å tilpasse innhald og struktur etter den brukargruppa ein til ei kvar tid har. På den måten er tenesta heile tida under utvikling, og no har du moglegheit til å leie denne utviklinga i samarbeid med dyktige og dedikerte medarbeidarar. Fordelinga av stillinga har vore ein dag med kontor og dei andre arbeidsdagane i miljøet. Noko administrative oppgåver må påreknast òg utanom kontordagen.
Arbeidsoppgåver
- Ha det overordna ansvaret for å utvikle og gjennomføre eit godt og variert aktivitetstilbod på Ressurssenteret saman med dei tilsette, for å sikre eit tilrettelagt tilbod for ei variert brukargruppe og gode samarbeid med pårørande.
- Ha ansvar for at naudsynte og hensiktsmessige rutinar vert oppretta, evaluerte og fulgt opp.
- Vere næraste leiar for medarbeidarane ved Ressurssenteret, samt eit mellomledd mellom Ressurssenteret og den øvrige leiinga.
- Ha brukarmedverknad i fokus – legge til rette for at kvar enkelt brukar får delta i så stor grad som mogleg ut ifrå den enkelte sine ønskjer og ressursar.
- Legge til rette for gode samarbeid innad i eiga personalgruppe, med andre hjelpetenester i og utanfor kommune, samt med frivillige som ønskjer å bidra til meiningsfulle aktivitetar for brukargruppa.
Kvalifikasjonar
Høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag vil vere ein fordel.
Erfaring innan demens og/eller leiing vert vektlagt, samt personlege eigenskapar.
Personlege eigenskapar
Arbeidet krev at du har evne til å kunne arbeide systematisk og strukturert, samstundes som du må ha evne til å omstille deg ved uforutsette hendingar. Gode samarbeidsevner vil vere ein fordel. At du kan møte menneske i ulike sinnsstemningar på ein god måte, samt har eit framheva ønskje om å bidra til å sikre eit godt tilbod for brukargruppa verdsettast.
Vi tilbyr
Kompetanse lønnsstige
Engasjerte kollegaer og eit godt fagmiljø
Intern opplæring og fagøkter
Fokus på etisk refleksjon
Kontaktinformasjon
Rakel Garnes, Tenesteleiar Måløy heimeteneste og ressurssenter, +47 41922879
Arbeidsstad
Gate 1 64
6700 Måløy
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommune
Referansenr.: 4982120818
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 20.08.2025
Søknadsfrist: 26.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Rakel Garnes
Tenesteleiar Måløy heimeteneste og ressurssenter
+47 41922879
Om bedriften
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
435f1d7d-6519-4b62-b88d-5b01049da867
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d5a54996d1ec463499d521076a77e16f