Tannpleiar
Hyllestad tannklinikk, Vestland fylkeskommune
Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Tannpleier
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 22. januar
Vestland tannhelseteneste – Hyllestad tannklinikk har ledig ei 100% fast stilling som tannpleiar med startdato etter avtale. Det er mogelegheit for ambulering med gode økonomiske vilkår. Vi kan tilby eit rekrutteringstillegg på 20 000 kr i året i tillegg til vanelg lønn etter tariff.
Askvoll klinikkområde består av Askvoll og Hyllestad tannklinikk, og Hardbakke ambuleringsklinikk. Desse klinikkane har eit tett samarbeid. Hyllestad tannklinikk har 1 tannlege, 1 tannpleiar og 1 tannhelsesekretær. På Hardbakke tannklinikk er det ingen fast bemanning, men personal frå Hyllestad eller Askvoll ambulerer etter behov. Det er eit godt arbeidsmiljø og gode moglegheiter for fagleg utvikling med pasientar i alle aldersgrupper, også mange vaksne pasientar fordi det er lite private tannklinikkar i området.
Hyllestad kommune ligg på nordsida av Sognefjorden like nord for Bergen, ytterst mot havet på fastlandet. Det er ei nydeleg utsikt over fjord og hav, og innover dei mektige fjella. Hyllestad er ein liten kommune, som tilbyr bl.a. rimelege barnehageprisar og bustadtilskot til førstegongsetablerarar. Det er eit lite lokalsamfunn som tar vare på kvarandre. Ønskjer du å oppleve eit eventyr utanfor storbyen, kan dette vere plassen for deg!
Hyllestad kommune
Bustadtilskot
Arbeidsoppgåver
Jobbe i førstelinjetenesta og ha ansvar for utadretta verksemd i samråd med klinikkleiar og kollegaer.Klinisk arbeid som omfattar alle pasientgrupper, inklusiv vaksne betalande pasientar.
Halde seg fagleg oppdatert og følge gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt jobbe for å nå målsetnadane til Vestland tannhelseteneste.
Delta i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling samt andre felles oppgåver for drift av klinikken.
Kvalifikasjonar
Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannpleiar og beherske norsk flytande skriftleg og munnleg. Relevant informasjon for søknaden må være oversett til norsk. Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest før tilsetjing.Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar.
Vi søkjer deg som:
Likar å jobbe med menneske og som set pasienten i fokus
Arbeidar sjølvstendig og mestrar travle dagar
Er positiv og serviceinnstilt
Har gode kommunikasjonsevner
Har gode samarbeidsevner
Har fagleg integritet og fokus på fagleg utvikling
Bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken
Har evne til å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande, medarbeidarar og andre samarbeidspartnarar
Ynskjer å være med på å utvikle Vestland tannhelseteneste
Det vert vektlagt at søkjar er personleg eigna til stillinga.
Vi tilbyr
Gode mogelegheiter for personleg og fagleg utvikling
Godt samarbeid, tett kontakt, dialog og oppfølging av klinikkleiar og kollegaer
Løn i samsvar med gjeldande tariffavtale
Rekrutteringstillegg på 20 000 kr i året
Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår gjennom fylkeskommunen
Ei spennande og variert stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse og samarbeid med naboklinikkar
Andre opplysningar
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 mnd. Vi gjer merksam på at i følge offentleglova §25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om det er oppmoda om ikkje å bli ført offentleg søkjarliste. Om det er bedt om unntak, vil søkjaren bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Elisabet Skrede, områdeleiar tannhelse, 57638010Arbeidsstad
Lifjordvegen 76957 Hyllestad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4828524355
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Elisabet Skrede
områdeleiar tannhelse
57638010
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2825733
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3a1c7ce97d8d4fa2bec6ba0ae7318b0f