50% fagutviklar i ambulansetensta
Prehospital avdeling, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagutviklar
Oppstart
18. august 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
- undervisning i ulike kurskonsept
- utvikling og gjennomføring av opplæringstiltak og fagdagar
- trinngodkjenning / sertifisering
- undervisning og kvalitetsarbeid, herunder utvikle prosedyrerutvikling og retningslinje
Stillinga er fast 50%, tenkt i kombinasjon med operativ drift i resterande 50% i ein av ambulanseseksjonane. Oppgåvene mellom dei to fagutviklarane vil vere noko overglidande og tilpassast både kvalifikasjonar og tenesta sine behov.
Stillinga er knytt til arbeidsstad i Førde, men noko reiseverksemd må påreknast.
Prehospital avdeling består av ambulanseseksjonane og AMK Førde, som ligg organisert i kirurgisk klinikk. Ambulansetenesta består av 19 døgnambulansar og 8 dagambulansar. Dette i tillegg til to moderne ambulansebåtar som dekkjer kystlinja vår frå stasjon i Solund og Florø. Tenesta har omlag 230 tilsette fordelt på våre 16 stasjonar i helseføretaket sitt nedslagsfelt. Vi har eiga særavtale for kompetansetillegg for ambulansearbeidarar.
Les meir om prehospital avdeling i Helse Førde.
Arbeidsoppgåver
- Utvikle kurskonsept og trinngodkjenning.
- 50/50 fagutviklar og operativ ambulanse. I sommarferien vil ein føretrekkje operativ drift på ambulansebil etter turnus.
- Deltaking i anna helseteneste og beredskapsretta arbeid
- Fag- og prosjektarbeid med mål om kompetanseutvikling i ambulanseteam både lokalt, regionalt og interregionalt
- Delta i digitale undervisningsopplegg
- Delta i trinn-utsjekk og tenesta sine sertifiseringsordningar
- Oppfølging av lærlingar i ambulansefaget
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som ambulansearbeidar
- Førarkort kl. B og C1
- Utrykkingskompetanse K160 og bestå regelmessig vedlikehaldstrening/ regodkjenning
- Søkjar må ha gyldig trinn 2 status.
- Ønskeleg med utdanning på høgskule/universitet.
- Erfaring med undervisning og rettleiing i ambulansefaget.
- God datakompetanse og erfaring med bruk av MS Officeprogram
- Den tilsette må delta på og bestå obligatorisk opplæring, interne kurs, og nødvendig etterutdanning i tråd med tenesta sin gjeldande kompetanseplan
Personlege eigenskapar
- Imøtekomande, høfleg, positiv og serviceinnstilt
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Evne til å jobbe sjølvstendig, men og vere ein god teamarbeidar
- Trivst med å jobbe i eit team med tidvis hektisk og høg aktivitet.
- Pliktoppfyllande
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- God fysisk og psykisk helse.
- Villig til kontinuerlig å søke fagleg utvikling og delta i kurs og fagaktivitetar i regi av føretaket sin vedtatte kompetanseplan.
- Det er ein fordel at ein har vore lærling (gått læreløpet)
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Triveleg arbeidsmiljø, med høve til å påverke eigen arbeidsplass
- Fagleg og personleg utvikling
- Kompetanseutvikling i form av fagstige
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Stian Sægrov, Avdelingssjef, (+47) 415 30 512Per-Erik Eide Hjelle, Opplæringsansvarleg, (+47) 915 84 784
Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 4966888636
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 18.08.2025
Søknadsfrist: 17.06.2025
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
434a6f72-1ed5-4af9-867d-02f0e51d2922
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d63332b668714e05ac1f9cec7a5ad6cf