Vi søkjer dyktig og entusiastisk lærar. Er det deg?
Hildre Montessoriskule Sa
Hildredalsvegen 40, 6272 Hildre
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærer
- Oppstart
- 1. august 2026
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. april
Send søknad til
Hildre Montessoriskule lyser ut ei fast 100% stilling som lærar med oppstart 01.08.26. Vi søker etter ein engasjert og motivert lærar som ønsker å vere del av eit spanande og heilskapeleg montessoritilbod på Hildre.
Om stillinga-
100% fast stilling som lærar med oppstart 01.08.26
-
Søknadsfrist 12.04.26
-
Undervisning av elevar jf. privatskulelova, med utgangspunkt i dei grunnleggande prinsippa i Montessori-læreplanen
-
Fagleg og sosial oppfølging av elevar
-
Kontaktlæraransvar
-
Tett samarbeid med kollegaer
-
Aktiv deltaking i skulen sine utviklingsarbeid
-
Rettleiing av fagpersonell
-
Skule-heim-samarbeid og samarbeid med andre instansar etter behov
-
Deltaking på skulen sin arrangement
-
Godkjend undervisningskompetanse for tilsetjing i grunnskulen og/eller formell utdanning
-
Fortrinnsvis tilleggsutdanning i, eller erfaring med, montessoripedagogikk
-
Undervisningskompetanse på ungdomstrinnet i fleire fag
-
Ønskeleg med spesialpedagogisk kompetanse
-
Bør ha gode norskferdigheiter
-
Tilfredsstillande politi- og tuberkulinattest
Personlege eigenskapar
-
Du er ein tydeleg klasseleiar som likar å tenke heilskapeleg i arbeidet ditt
-
Du har stort engasjement for elevane og organisasjonen si læring
-
Du er pliktoppfyllande, har gode samarbeidsevner og likar å arbeide i team
-
Du er ein god rollemodell for elevane og er ein god relasjonsbyggar
-
Du er strukturert, målretta og har gjennomføringsevne
-
Du har god nynorsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
-
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
-
Lønn etter gjeldande tariff
-
Arbeidstidsordning etter sentralt avtaleverk
-
Gode pensjons- og forsikringsordningar
-
Utfordrande og spennande oppgåver
-
Aktivt og engasjert lokalmiljø
-
Eit skulemiljø med positive og engasjerte kollegaer, føresette og skuleeigarar
For meir informasjon, sjå heimesida www.hildreskule.no, for spørsmål og søknad ta kontakt med:
Steffen André Kråkenes (dagleg leiar/rektor) på 91 19 13 34 og e-post: steffen.krakenes@hildreskule.no
Søknadsfrist: 12.04.26
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Hildre er eit montessorinærmiljø i vekst, med både barnehage og skule i same bygg. Saman tilbyr vi eit heilskapleg 0-16 års montessoriløp for familiar som ønskjer kontinuitet, tryggleik og eit pedagogisk fellesskap der barna blir sett og følgt gjennom heile oppveksten. Hildre Montessoriskule er ein privatskule med mange lærelystne barn og motiverte og trivelege tilsette. Vi arbeider for å utvikle læring gjennom montessoripedagogikken og treng difor kompetente, engasjerte og nytenkjande medarbeidarar som er stolte av faget sitt og som kvar dag brenn for å legge til rette og å bringe fram det beste i kvart enkelt barn.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
432f9ea5-ff02-474c-a80e-095fe32c21f6
- Sist endret
10. mars 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
432f9ea5-ff02-474c-a80e-095fe32c21f6