Vil du leia Voss folkehøgskule? Den kjekkaste skulen i heile landet!
Stiftinga Voss folkehøgskule
Voss, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Rektor/ dagleg leiar ved Voss folkehøgskule
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 22. januar
Voss folkehøgskule er ein frilynt skule eigd av Stiftinga Voss folkehøgskule. Skulen har ei 130 år lang historie der tradisjon og nyskaping går side om side. Skuletunet er bygd på ein vakker gamal gard som ligg idyllisk til ved Vangsvatnet, like utanfor sentrum av kultur, ski-og ekstremsportbygda Voss. Me har eit variert læringstilbod med høgt fokus på personleg utvikling og kreativ utforsking.
Vår noverande rektor går av med pensjon, og me søker no etter ein engasjert, inkluderande og tydeleg rektor til å utvikle skulen vidare.
Me tilbyr:
- Ei utfordrande og meiningsfull stilling i eit spennande læringsmiljø
- Gode lønns- og arbeidsvilkår
- Me har disponibel bustad i nærleiken av skulen
Greitt å vite om du ikkje kjenner Voss:
På Voss finn du eit variert kulturliv med mange tilbod. Naturen rundt oss byr på alt! Du kan vandra på stiane oppi skogen, padla på Vangsvatnet nokre steinkast unna skulen, og på dei rette dagane kan du køyre på ski heilt heim frå skisenteret.
Voss Herad har eit godt skuletilbod med Gullfjordungen barneskule rett ved. Her er også to nye vidaregåande skular med stor breidde i fagtilbod.
Utfyllande informasjon om skulen og stillinga finn du her: https://www.voss.fhs.no/skulen/stilling-ledig/Livet er herleg, gje gass og søk!
Om bedriften
Sektor
Privat