Driftsoperatør Vatn og avløp
Vatn og avløp, Kommunalområde Samfunn
Keiser Wilhelms g. 11, 6003 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Driftsoperatør Vatn og avløp
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest søndag 10. august
Verksemd Vatn og avløp produserer og leverer reint vatn til folk og fjord i Ålesund kommune. Vi bidreg til å sikre god folkehelse og naturmangfald og er ein avgjerande aktør for totalberedskapen i regionen.
Vi har ansvar for vassbehandlingsanlegg, avløpsrenseanlegg, vanndistribusjon og pumpestasjonar, i tillegg til planlegging og gjennomføring av prosjekt, forureiningssaker, kontroll, forvaltning og gebyrinnkreving. Vi er eit stor fagmiljø med omlag 80 tilsette.
Vi treng no fleire folk til driftsavdelinga vår, til den gruppa som jobber med drift, vedlikehald og fornying av vatn- og avløpsnettet. Arbeidet er lagt opp slik at ein skal jobbe, ikkje berre innan eit avgrensa geografisk område, men innan heile Ålesund kommune ved behov, frå indre til ytre bydel.
Vi treng også fleire folk i beredskapsvakta vår, for søkjarar med rett erfaring og kompetanse kan det bli aktuelt med ein plass i beredskapsvakt.
I tillegg til utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskaper og at ein elles er skikka for stillinga. Vi har få kvinner i driftsavdelinga så kvinner vert særlig oppfordra til å søkje.
Arbeidsoppgåver
- drift, vedlikehald og fornying av vatn - og avløpsnettet, dette inneber: vatn- og avløpspumpestasjonar og tilhøyrande utstyr, slamavskillarar, overløp, leidningsbrot, lekkasjesøk, spyling av ledningsnett, reperasjon av ventilar, kummar, hydrantar, trykktesting og sluttkontroll, prøvetaking, mindre anleggsarbeid m.m.
- bidra til dagleg oppfølging av anlegg via kommunen sitt overvakingssystem
- ajourhald av digitale kart - dokumentasjon på gjennomført arbeid, ledningsdata, avvik og endringar (Gemini).
- delta i planlegging og gjennomføring av større og mindre VA-prosjekt
- deltaking i beredskapsvakt må påreknast dersom behovet oppstår.
- behandle henvendelsar frå publikum
- andre relevante oppgåver kan bli tillagt stillinga
Kvalifikasjonar
- primært relevant fagbrev eller teknisk fagskule (rørleggarfag, anleggsfag og mekaniske fag)
- personar utan fagbrev/teknisk fagskule er også velkomne som søkjarar. Ein må då vere engasjert og innstilt på å lære alle aktuelle arbeidsoppgåver knytt til stillinga, og utvikle rett kompetanse gjennom arbeidsforholdet hjå oss.
- helst erfaring frå liknande type arbeid
- søkjar må kunne bruke digitale verktøy som PC og nettbrett og beherske bruk av relevant programvare
- ADK 1 sertifikat er ønskjeleg
Uansett om du er faglært eller ikkje er det eit krav at du har
- gode norskkunnskapar - munnleg og skriftleg
- førarkort klasse B. Førarkort BE, C1 og C er ein fordel men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein person som har vilje og evne til å
- ta initiativ, samarbeide godt med andre og få arbeidet gjort på ein effektiv ryddig og strukturert måte
- nøyaktig - forstå betydninga av god dokumentasjon på gjennomført arbeid
- vere fleksibel og finne løysingar
- ta ansvar og arbeide i tråd med kvalitets- og HMS-prosedyrer
- vere ein god medarbeidar som deler kompetansen sin og som bidreg positivt til fag- og arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- gi folk i Ålesund verdas viktigaste ressurs; reint vatn.
- bygge framtidas infrastruktur i Ålesund kommune, og sikre friske fjordar, naturmangfald og livet i havet.
- godt fagmiljø og gode muligheiter for fagleg utvikling og relevant vidareutdanning, relevante kurs og opplæring - dette etter nærare avtale med leiar
- god pensjonsordning
- løn etter lokal tariff
Kontaktinformasjon
David Chris Mertsching, Avdelingsleiar, 916 17 862, David.Chris.Mertsching@alesund.kommune.noAndreas Relling, Gruppeleiar, 476 53 381, andreas.relling@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Keiser Wilhelms g. 116003 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kommunalområde SamfunnReferansenr.: 4945567939
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.08.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
42c76447-568c-4dbc-86c1-e6a85bb8ec5b
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e506ca1641eb4e398b0041d835439bf1