Vil du til topps? Kom deg til Lom - og bli vår nye økonomisjef
Lom Kommune
Sognefjellsvegen 6, 2686 Lom, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Økonomisjef
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 20. juli
Ei stilling med utsikt -- både fagleg og geografisk
Som økonomisjef i Lom blir du ein del av kommunedirektøren si leiargruppe. Du får overordna ansvar for økonomistyring, budsjett, rekneskap og økonomiske analysar -- og du blir ein viktig rådgjevar for både administrasjon og politisk leiing.
Dette er jobben for deg som trivst med både strategisk arbeid og operativ oppfølging -- og som likar å formidle økonomiske vurderingar til både økonomar og ikkje-økonomar.
Kven er du?
Vi ser etter deg med høgare utdanning innan økonomi, rekneskap eller liknande fagområde. Du har erfaring frå økonomistyring, gjerne frå offentleg sektor, og det er ein fordel om du har kjennskap til system som Visma Enterprise og Framsikt. Du jobbar sjølvstendig, er strukturert og har god heilskapsforståing. Samtidig er du ein lagspelar som kommuniserer godt og evnar å formidle komplekse økonomiske saker på ein enkel og forståeleg måte. Du har ein analytisk tilnærming, er løysingsorientert og trivst med endring og utvikling.
Arbeidsoppgåver
-
Personalansvar for dei tilsette i økonomiavdelinga
-
Utarbeide og følgje opp budsjett, økonomiplan, rapportering og prognosar
-
Gjennomføre analysar og gi økonomiske råd til leiinga
-
Fonds- og låneforvaltning
-
Følgje opp økonomiske nøkkeltal og identifisere moglegheiter for forbetring på tvers av tenesteområda
-
Bidra til å utvikle gode arbeidsprosessar og styrke kvaliteten i økonomiarbeidet
-
Andre relevante oppgåver kan bli lagt til
Personlege eigenskapar vi vektlegg
Vi ser etter ein person som kommuniserer tydeleg og som evnar å sjå heilskap og samanhengar i den økonomiske drifta. Du har ein strukturert og systematisk arbeidsform, kombinert med engasjement, nysgjerrigheit og eit godt humør som bidrar positivt til arbeidsmiljøet. God formidlingsevne, både skriftleg og munnleg, er også viktig for å lykkast i rolla.
Vil du til topps, må du komme deg til Lom!
Her får du:
-
Ei meiningsfull og synleg rolle med stor påverknadskraft
-
Varierte og utfordrande oppgåver
-
Gode pensjons- og forsikringsordningar
-
Flyttegodtgjersle etter kommunalt reglement
-
Eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø
-
Moglegheit for heimekontor
- Og ikkje minst: Nærleik til Jotunheimen, Sognefjellet og eit eldorado av friluftsopplevingar -- året rundt
Om bedriften
Lom kommune ligg i Ottadalen i Innlandet fylke og grensar i nord til Skjåk og Lesja, i aust til Vågå, i sør til Vang, og i vest til Luster i Sogn og Fjordane. Kommunen har sine nåverande grenser frå 1866, då Skjåk vart skilt ut som eigen kommune.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
42b29232-d652-4689-87bf-c4c93486ba03
- Hentet fra
FINN
- Referanse
415326619