Helgestilling som pleieassistent/helsefagarbeidar
Nevrokirurgisk sengepost, Helse Bergen HF, Nevroklinikken
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Helgestilling som pleieassistent/helsefagarbeider
- Oppstart
- 1. mars 2026
- Type ansettelse
- Fast, deltid 15%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 5
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. februar
Nevrokirurgisk avdeling har ledige helgestillingar som pleieassistent/helsefagarbeider med arbeid kvar 3. helg, tilsvarande 15 % stilling. I tillegg forventer vi at ein jobbar 100 % i 4 veker i løpet av sommarferieavvilkinga (veke 26-33). Dette er ei god moglegheit for sjukepleie-, medisinstudentar, eller andre helsefagutdanningar.
Nevrokirurgisk avdeling har ansvar for diagnostisering og nevrokirurgisk behandling av skadar og sjukdommar i hjerne, nakke og rygg. Vi behandlar både vaksne og barn, og har nasjonal behandlingsteneste for stråleknivbehandling og behandling av pasientar med vestibularisschwannom.
Vi har 25 senger inkludert ei overvakingseining på 9 senger (NOVA). Vi har eit spennande, utfordrande og triveleg arbeidsmiljø hos oss. Vi legg stor vekt på kontinuitet i behandlinga av pasientane våre og fagleg utvikling for dei tilsette.
Nevrokirurgisk sengepost søkjer pleieassistentar og/eller helsefagarbeidarar som trivast med eit høgt arbeidstempo og som gir god pleie til pasientane.
Vi søkjer deg som likar utfordringar og er fleksibel.
Stillingane vil bli ledige utover våren og det er oppstart etter avtale
Arbeidsoppgåver
- Mottak, oppfølging og observasjon av pasientar før og etter operasjon
- Bistå pasientane med daglege gjeremål og mobilisering
- Samarbeid med andre yrkesgrupper for å gi pasientane best mogleg opphald på avdelinga
- Gi god omsorg for pasient og pårørande
- Andre generelle arbeidsoppgåver i avdelinga kan også vere aktuelle
Kvalifikasjonar
- Erfaring med pleie tilsvarande 300 timar. evt. pleieassistentkurs.
- Erfaring frå nevrokirurgi, nevrologi, ortopedi og rehabilitering er relevant, men ikkje eit krav da det vil bli gitt opplæring innan fagområdet
Personlege eigenskapar
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du er punktleg og påliteleg
- Du er målretta, og får oppgåvene gjort
- Du bidrar der det trengs
- Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
- Du må kunne vere både driftig og audmjuk
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.l
Kontaktinformasjon
Ase Humberset, Seksjonsleiar, +47 92254381Arbeidsstad
Haukelandsveien 225009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5068704052
Stillingsprosent: 15%
Fast
Startdato: 01.03.2026
Søknadsfrist: 08.02.2026
Kontaktperson for stillingen
Ase Humberset
Seksjonsleiar
+47 92254381
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
429238eb-8c3b-4136-9f19-6a56b756b6bc
- Sist endret
23. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ec9cd0d3497f471ca10cdc8db9c99f0f
Lignende annonser
Helsefagarbeider / Assistent
Arbeidsgiver
Søreide sykehjem, Bergen kommune
Sted
Søreidgrend
Assistent pleie
Arbeidsgiver
Ortopedisk avdeling HUS, Helse Bergen HF, Ortopedisk klinikk
Sted
Bergen
Assistent helgestilling
Arbeidsgiver
Hjemmebaserte tjenester Bergenhus Omsorgsteam Ytre Sandviken
Sted
Bergen