Barne- og ungdomsarbeidar
Sveio kommune
5550 Sveio
Om jobben
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeidar
Type ansettelse
Annet, deltid
Antall stillinger
1
Barne- og ungdomsarbeidar
Sveio kommune
Om stillingaTrivst du i lag med barn og unge? Liker du hektiske og varierte dagar i eit triveleg arbeidsmiljø? Då er du kanskje vår nye kollega. Førde skule har ledig 60% fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar kor arbeidsoppgåvene er å støtta elevane våre, slik at dei får ein best mogleg skulekvardag. Vil du bli med på laget vårt og gjera ein forskjell?
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av elevar, både fagleg og sosialt
- Munnleg og skriftleg rapportering
- Samarbeid med lærarar, føresette, PPT m.v.
- Utføre praktiske oppgåver
- Stillinga inkluderer arbeid på skulen og i SFO
- Fagbrev som barne -og ungdomsarbeidar er ønskjeleg
- Relevant arbeidserfaring
- Relevant arbeidserfaring kan erstatta manglande formell utdanning
- Personlege kvalifikasjonar og eigenskapar vil bli særleg vektlagt
- Det må leggast fram tilfredsstillande politiattest før tiltreding
- God evne til relasjonsbygging
- Ansvarleg og trygg vaksenperson med gode samarbeidsevner
- Evne til å stå i krevjande situasjonar
- Initiativrik og løysingsorientert
- Eit godt arbeidsmiljø med erfarne medarbeidarar
- Ein skule i kontinuerleg utvikling
- Lønn og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk
- God offentleg pensjonsordning
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden. Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland. Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.
Sektor
Offentlig